Trass i at ein stadig aukande andel eldre har sine eigne tenner er det mange eldre og pårørande som ikkje kjenner til sine rettar om fri tannpleie. - Den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland vil setja ekstra fokus på eldre, deira orale helse og deira r
I følgje Lov om tannhelsetjenesten §1-3 har m.a.
”grupper av eldre, langtidssyke og uføre i institusjon og hjemmesykepleie” rett på fri tannpleie frå Den offentlege tannhelstenesta. Den offentlege tannhelstenesta manglar oversikt over denne pasientgruppa, og er difor avhengig av tilbakemeldingar frå pasientane sjølv eller kommunehelsetenesta for å kalla ”nye” pasientar inn til undersøking.
Ukjend med rettane sine
- Tannhelsetenesta håpar at informasjon på bussar i Bergen, apotek og i kommuneadministrasjonar i fylket, vil bidra til at bodskapen når dei som etter ”lov om tannhelsetjenesten §1-3” har rett på fri tannpleie, seier fylkestannlege Inge Magnus Bruvik.
Målet er også å nå friske eldre slik at dei kjenner sine rettar om dei eller deira næraste i framtida vil få behov for heimesjukepleie eller institusjonsplass. Dersom nokon er usikre på om dei kjem inn under gruppa som har rett på fri tannpleie kan dei ta kontakt med heimkommunen sin for meir utfyllande informasjon.
Tannhelsa i Noreg vert stadig betre, noko som resulterer i at ein stadig aukande andel eldre har sine eigne tenner. Dette er ei flott utvikling, men den skaper utfordringar både for pleie- og omsorgstenesta og Den offentlege tannhelsetenesta.
Viktig for allmenntilstanden
Særleg ser ein at eldre og pleietrengjande er avhengig av eit funksjonelt tannsett for å kunna oppretthalda eit fullverdig kosthald og ei god allmenn helsa. For at eldre pleietrengande i og utanfor institusjon skal oppretthalda si orale helse og eit funksjonelt tannsett er dei heilt avhengige av ei bevisst og ansvarsfull pleie- og omsorgsteneste med gode tannpleierutinar. Tann og munnpleie morgon og kveld må inngå som ein del av pleieplanen og den daglege hygienen. Vidare må ein sikra tett samarbeid mellom pleie- og omsorgstenesta og Den offentlege tannhelstenesta.
- Den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland ynskjer med denne kampanjen at flest mogleg av dei eldre får kjennskap til sine rettar i høve fri tannpleie, og dermed lettare vil kunna oppretthalda ei god tann- og munnhelse. Vårt mål er å kunna hjelpa fleire eldre og uføre til ein betre kvardag, seier tannpleiar Siren Vatshelle.
Sjå plakaten (pdf)