
Øksendalstølen, juni 09. (Foto: SKG)
Eksingedalen i Vaksdal kommune er med i reiselivsprosjektet Den Grøne Sløyfa, som Hordaland fylkeskommune støttar gjennom Regionalt utviklingsprogram. Vandring er eit prioritert satsingsområde i Reiselivsstrategien for Hordaland.
Stølsliv i Eksingedalen
I Bygdarådet er mange ulike aktørar involverte, m.a. grunneigarlag, skule, idrettslag og einskildpersonar. Gjennom rydding, merking og kartfesting er i alt 18 stølsvegar i dalen gjort tilgjengelege. Det er også sett opp informasjonstavler for stølane. På samme måte er det gjort ein stor innsats for å få fram att delstrekningar av ”Reitlevegen”, den gamle ferdslevegen gjennom Eksingedalen.
Føremålet med dette arbeidet er å synleggjere Eksingedalen si nære kulturhistorie, tilrettelegge for trivsel og rekreasjon, og skape eit godt tilbod i reiselivssamanheng. Det er laga faldarar om kvar av stølane og stølsvegane, under nemninga ”Stølsliv i Eksingedalen”, og desse er samla i ei felles mappe som er til sals på nærbutikken. Det er også laga eit eige hefte om Reitlevegen.
Vernar om mangfaldet
Kulturlandskapsprisen skal vera ei påskjøning til dei som har gjort ein mangeårig innsats for å ta vare på landbruket sitt kulturlandskap i Hordaland. Kulturlandskapsgruppa i Hordaland står for kåringa. Kulturlandskapsgruppa er ei tverrfagleg gruppe på fylkesnivå med representantar frå forvalting, forsking og næringsorganisasjonar.
Prisen skal gå til dei som tek vare på heilskapen og mangfaldet i kulturlandskapet når det gjeld biologisk mangfald, kulturhistorie, kulturminne, bygningsvern eller landskapsoppleving. Prisen skal bidra til å setja fokus på dei verdiar og kvalitetar som ligg i kulturlandskapet og arbeidsinnsatsen som ligg bak.
Kulturlandskapsprisen 2009