Korleis nå ungdomen med offentleg informasjon

Tysdag 3. november inviterer Hordaland fylkeskommune til konferansen ” Informasjon gir ungdom mulegheiter” i Bergen. Tema og workshops om korleis informasjonsarbeidet retta mot ungdom kan etablerast, gjennomførast og styrkast i kommunane vert sett på dags

Målgruppa for konferansen er kommunetilsette som på ulike vis har informasjonsoppgåver retta mot ungdom. Hordaland fylkeskommune er blitt bedt av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om å organisere ein regional konferanse om ungdomsinformasjon for kommuneansatte i Hordaland, Sogn & Fjordane, Møre & Romsdal, Agderfylkene og Telemark. Same dato er det konferanse i Kongsvinger kommune, og på Tvibit i Tromsø måndag 9. november.

Filmkonkurranse
Arrangørkomiteen under leiing av Barbara Harterink ved Europakontoret i Hordaland fylkeskommune har lyst ut ein filmkonkurranse blant alle medielinene ved våre vidaeregåande skular. – Vi ynskjer at dei skal fortelje oss korleis vi best kan nå dei med offentleg informasjon. Det vankar ein flott premie og gode høve for å visa og distribuera filmen i etterkant, fortel Harterink.

Ho legg til at det er viktig å få med ungdomane på denne konferansen, og har vektlagt dette ved at dei også blir sentrale i sjølve konferanseprogrammet. Verdien av god ungdomsinformasjon er tittelen på føredraget til Synnøve Kvamme, leiar for Granvin ungdomsråd . Leiar for Ungdommens fylkesutval Eva Vik talar om ungdomsråd og ungdomsinformasjon.

Gode døme på ungdomsinformasjon frå Bergen kommune får vi frå kultursjef Emil Matthiessen ved Fyllingsdalen og Laksevåg kulturkontor. Den ”lokale” bolken av programmet vert avrunda med presentasjon av vinnaren av kortfilmkonkurransen ”Korleis kan det offentlege nå ut til ungdom med informasjon?”.

Spennande workshops
Siste post på programmet før lunsj er føredraget ”Satsing på ungdomsinformasjon” ved kommunikasjonsdirektør Ingrid Pelin Berg i Bufdir. Fire spennande og parallelle workshops vert arrangert i to bolkar etter lunsj. Dei er: ” Til stades der ungdom er” ved leiar Hege Sundby og prosjektleiar Arve Howlid i UngInfo Vestfold. ”Korleis nå ungdom via sosiale medier” ved PR-byrået Colt kommunikasjon. ”Web og strategisk arbeid” ved Kongsvinger kommune og ”Etablering av ungdomsportalen UNGweb” ved prosjektleiar Anna Tokle Amundsen i Ung i Møre og Romsdal fylke.

Aslutninga vert ved  medieforsker Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF IKT som ser på mulegheiter og utfordringar i ungdom sin delingskultur i nye medier. Møteleiar er Arild Sondre Sekse, tidlegare programleiar i NRK og kommunikasjonssjef i Tide, som no er seniorrådgjevar i organisjonsavdelinga. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opnar konferansen.

Påmeldingsfristen er fredag 23. oktober. Meld deg på Ungdomskonferansen

Har du spørsmål, kontakt Barbara Harterink, barbara.harterink@post.hfk.no, tlf. 55 23 95 33.

Program Ungdomskonferansen Hordaland.pdf

Tekst: Simon Sortland 29.09.2009 07:31
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart