Fylkeskommunen deltek i Øving Hordaland 2009

22. september skal fylkeskommunen delta i fylkesmannen si krisehandteringsøving. Scenariet er ei tenkt større hending ved eit kjernefysisk anlegg i Storbritannia med mogleg spreiing av nedfall i våre område.

Kriseleiinga i Hordaland fylkeskommune er i gang med øvinga.
Kriseleiinga i Hordaland fylkeskommune er i gang med øvinga. (Foto: Bjarte Brask Eriksen).

Målgruppa er alle kommunane i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland medrekna atomberedskapsutvalet Hordaland.

Hovudfokus i Øving Hordaland 2009

  • Oppdatering/revisjon av kommunen sin overordna krise-/beredskapsplan og då spesielt kriseinformasjonsplanen.
  • Oppdatering og øving av planen for den kommunale atomberedskapen. Ref. revidert plangrunnlag frå Statens Strålevern (oktober 2008). 
  • Etablering og drift av den kommunale kriseleiinga (KKL) og øving i kriseinformasjonsarbeid og krisekommunikasjon.
  • Kompetanseheving og utvikling innan området krisekommunikasjon og krisehandtering.

Sjå meir informasjon på Fylkesmannen i Hordaland si øvingsside

Fylkeskommunen si nettside for øvinga
www.hordaland.no/beredskap er Hordaland fylkeskommune si ”kriseside” for øvinga. På denne sida vil vi evt. publisere oppslag under øvinga. Sida for Øving Hordaland 2009 ligg nedst i høgre meny på førstesida under Snarvegar.

Øvingsleiinga

21.09.2009 13:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart