Oppbremsing
I perioden 2001 til 2006 hadde Hardanger ein gjennomsnittleg nedgang i folketalet på 220 personar i året. I 2007 snudde dette frå nedgang, via oppbremsing til ein reell vekst i folketalet. Tala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) viser at folketalet i Hardanger har auka med 55 personar i første halvår i år 2009, og regionen har hatt ein positiv tilflyttingsstraum på 90 personar.
Tilflytting
Dermed er den negative trenden gjennom mange år snudd, og 2009 er det første året på lenge med folketalsvekst. Årsaka til veksten i folketalet er tilflytting. Fødselsoverskotet er framleis negativt med minus 35 i første halvår i år, men i same periode er netto tilflytting på 90 personar.
Flytt til Hardanger
Ei medverkande årsak til folketalsveksten er prosjektet ”Flytt til Hardanger” som starta i 2007. Bak prosjektet står Hordaland fylkeskommune i lag med kommunane Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal. Hordaland fylkeskommune har plikta seg til å bidra med 10 millionar kroner over tre år i omstillingsmidlar til prosjektet.
Fruktbar
Visjonen for prosjektet er: ”Fruktbare Hardanger er eit naturleg førsteval å bu i og flytta til fordi det er ein region med trivnad, opplevingar og utfordringar – ein utviklande region.”
Ferie
Hovudmålet er å marknadsføra regionen sine tilbod og kvalitetar, og på den måten oppnå ein positiv flyttestraum, eller som ein harding sa: ”Fokuset er å få folk til å busetja seg i ein region som resten av verda vil feriera i”.
Slagord
Det er utvikla eit slagord for prosjektet og Hardanger: ”Ja, det ordnar me!”.
Hordaland i tal nummer 1/2009
Flytt til Hardanger
Fødselsoverskot, nettoflytting og folketalsvekst i Hardanger 2001 - 2008
Fødselsoverskot Nettoflytt Folketilvekst
2001 -45 -205 -250
2002 -81 -186 -267
2003 -23 -138 -161
2004 -30 -135 -165
2005 -46 -231 -277
2006 -63 -164 -227
2007 -70 -34 -104
2008 -34 6 -28
1. halvår 2009 -35 90 55