Fødselshjelp for nye bedrifter på Tysnes

Tysnes satsar på etablering av nye bedrifter og har skipa ein inkubator (rugekasse) for å gje fødselshjelp. Ordførar Helge Hauge opna inkubatoren i Vågen AS sitt industrihus i Vågsmarka der interesserte får lokale med rimeleg leige og hjelp til å kome i g

Ordførar Helge Hauge klipte snora som opna fødselshjelpa for nye bedrifter i Tysnes.Inkubatoren skal leggje til rettes for at idéhavarar, gründerar og nyetablerarar på Tysnes skal kunne jobbe konsentrert med ein forretningsidé eller ei bedrift.

Ressurs
Det regionale samarbeids-organet Atheno skal vere ein ressurs og støttespelar i dei ulike prosessane aktørane skal gjennom. Atheno er eigd av bedrifter frå seks av kommunane i Sunnhordland, SIVA (Selskapet for industrivekst), Hordaland fylkeskommune, Stord og Kvinnherad kommune, Tekna Sunnhordland og Høgskulen Stord/Haugesund.

Finansiering
Inkubatoren er finansiert av Hordaland fylkeskommune, SIVA og Atheno. Etableringa av inkubator på Tysnes er ei viktig målsetnad for omstillingsprosjektet Tysnes 3012. Målet er at Tysnes skal passere 3000 innbyggjarar i 2012.

Lokalt næringsliv
Då prosjektet vart opna deltok ordførar Helge Hauge, saman med representantar frå Hordaland Fylkeskommune, SIVA, Innovasjon Norge, Tysnes 3012, Inunet og aktørar frå lokalt næringsliv og kommunen.

10.09.2009 13:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart