Etablerer vestnorsk tyngdepunkt for maritime næringar

Fleire av dei tyngste maritime og marine miljøa i landet har sitt opphav på Vestlandet. For å koma i inngripen med EU sin politikk på desse viktige områda har Vestlandsrådet teke initiativ til etablering av eit felles strategisk maritimt samarbeid i regio

Samarbeidet vil i første omgang medføra etablering av eit maritimt nettverk – Western Norway Maritime Region. Nettverket skal vektleggja utvikling av ein felles politikk og leggja til rette for ein meir heilskapeleg og effektiv bruk av felles ressursar. Det vil og verta lagt sterk vekt på marknadsføring av Vestlandet som nasjonal og internasjonal maritim klynge.Maritime næringar

Nasjonal innverknad
- Vestlandet har gode utsikter til å kunna få nasjonal påverknad på det maritime området. Det gjeld både næringsutvikling og forsking. Ei felles maritim satsing er difor ei veleigna sak for Vestlandsrådet, seier fylkesordførar Tom Tvedt (Ap) i Rogaland.

Konsistente planar
For politikarane i Vestlandsrådet har det vore viktig å få fram at dei strategiske næringsplanane for Vestlandsfylka har konsistens og felles mål. Den regionale kanalen kan dermed nyttast til å påverka både nasjonale og internasjonale fora, held Tvedt fram.

Etterlyser input frå næringane
Regionalpolitikaren etterlyser tilbakemeldingar frå næringslivet på korleis samarbeidsplanane kan konkretiserast, og korleis arbeidet i internasjonale styrande organ kan koordinerst.

- Målet med å trekkja næringane inn i prosessen er å bidra til ny næringsutvikling. Vi vil også få eit betre grunnlag for å koordinera verkemidlane, seier Tvedt.

Revitalisert Vestlandsråd
Samlinga av dei maritime miljø i regionen er det første eksempelet på kva type tiltak det revitaliserte Vestlandsrådet ønskjer å ta tak i.

Kontakt
For meir informasjon om Western Norway Maritime Region, kontakt Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, Hordaland, tlf 928 17 198.
Hans presentasjon om planane for det maritime samarbeidet med EU kan du lasta ned her 

For meir informasjon om Vestlandsrådet si nye rolle,
kontakt Fylkesordførar Tom Tvedt, Rogland, tlf. 971 99 233.

For bakgrunnsinformasjon om Vestlandsrådet, sjå: www.vestlandsraadet.no

18.09.2009 11:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart