Energi og miljø i vinden

Over 600 personar deltok på næringskonferansen Mongstad 090909 der energi og miljø stod i fokus. - Her var mykje spennande om satsing på nye energikjelder, fornybar energi, vindkraft, energieffektivitet, og ikkje minst tilhøvet mellom utvikling og utsle

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg flankert av olje- og energiminster Terje Riis-Johansen og leiar Ingeborg Gjærum i natur og Ungdom unde Mongstadkonferansen 090909.Mongstadkonferansen, eller Næringskonferansen i regi av Nordhordland Handverk- og industrilag, har utvikla seg til å bli ein viktig møtestad for næringslivet, det offentlege og forskings- og utdanningsmiljøa i regionen. I år deltok vel hundre fleire personar enn sist, i 2007. Konferansen har synt god strategisk tenking ved å leggja den til annakvart år like i forkant av vala. Tema har dei også truffe innarblink med. I år var det energi og miljø som stod på dagsorden.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg flankert av olje- og energiminster Terje Riis-Johansen og leiar Ingeborg Gjærum i natur og Ungdom under Mongstadkonferansen 090909.

Kan bli verdsleiande
- Noreg kan ta ein leiande posisjon innan vindkraft, understreka Einar Strømsvåg i StatoilHydro. Han er plant manager ved Sherringham Shoal wind farm. Saman med Statkraft er det investert 10 milliardar kroner i anlegget som skal ha ein årleg produksjon på 1,1 TWh og forsyna 220 000 britiske husstandar med straum. Med 100 års røynsle i kraftproduksjon og 40 års røynsle offshore har vi samla ein unik kompetanse, meiner Strømsvåg.

Olje- og energiminster Terje Riis-Johansen sa seg storleg nøgd med å ha fått på plass ordninga med grøne sertifikat i sitt innlegg om korleis energi og miljø kan gå hand i hand. Han la stor vekt på at CO2-handtering vert ein vesentleg del av løysinga framover, og ikkje minst lokalt engasjement.

Leiar Ingeborg Gjærum i Natur og Ungdom utfordra makthavarane i sitt innlegg på Mongstadkonferansen.

Leiar Ingeborg Gjærum i Natur og Ungdom haldt eit flammande innlegg der ho utfordra makthavarane til å vere modige nok til å kutta våre eigne utslepp og bidra nok i fattige land for å nå målet om 0-utsleppsamfunnet.

Den fossile energien må reduserast og erstattast av rein energi, var hennar bodskap. Publikum fekk også med seg interessante føredrag om vindkraft og vasskraft, og ikkje minst kva ein bør gjera for å sikra framtidig kompetanse i regionen.

 

Leiar Ingeborg Gjærum i Natur og Ungdom utfordra makthavarane i sitt innlegg på Mongstadkonferansen.


Nye haldningar

- Vi må gje utviklingsprosjekt inna alternativ energi betre rammevilkår. Dette vindkraftsamarbeiet er lagt til England nettopp fordi rammevilkåra er gode, påpeika fylkesordføraren. Ho peika på at Hordaland fylkeskommune allereie for 12 år sidan vedtok ein vindkraftplan der Austevoll, Fitjar og Bømlo vart peika ut. Det vart ikkje særleg godt motteke, men haldningane er no i ferd med å snu og meir i takt med vindkraftutviklinga elles i Europa.

Mange innspel frå debattantane Henning Nordgulen (t.v) frå direktør bedrift Sparebanken Vest, leiar Ingeborg Gjærum i Natur og Ungdom, og CEO Jan Roger Bjerkestrand i Aker Clear Carbon AS. (Foto: Martha Steensnæs, StatoilHydro Mongstad).

- Ministeren la vekt på lokalt engasjement. Vi har vore i sving i fleire år, med eit godt samarbeid mellom næringslivet, kommunane, industrilaget og kompetansemiljøa. Særleg viktig vert vår felles satsing på Mongstadprosjektet.

Her har vi ein unik sjanse til å skapa ei nasjonal CO2-klynge, få etablert Mongstad som nasjonalt og internasjonalt miljølaboriatorium, skapa eit felles løft for areal- og utviklingsarbeid i regionen, skape eit langsiktig engasjement av våre FoU-miljø, og ikkje minst få satt Hordaland og heile regionen på kartet. Hordaland fylkeskommune utarbeidar no også ein klimaplan som vert viktig i vårt vidare arbeid, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i si oppsummering.

 

 

Elevar frå Knarvik vidaregåande skule dramatiserte ei fjern framtid for livet på kloden vår.

Presentasjonane

Tekst og foto: Simon Sortland 16.09.2009 14:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart