Bjarne Håkon Hanssen og Sven Mollekleiv trekkplaster på den 8. fleirkulturelle konferanse

Frivillig arbeid og innsats er ein føresetnad for å skape eit inkluderande samfunn, men er det offentlege regelverket ein medspelar eller bremsekloss? Det skal helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen og president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv

Vestlandet - eit fleirkulturelt samfunnKonferansen Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn går av stabelen torsdag 5. og fredag 6. november på Hotell Norge i Bergen. Tema blir ”Eit verdig liv i Noreg”.

Kor viktig er det frivillige arbeidet?
Hanssen og Mollekleiv opnar konferansen med å drøfte kva som må til for å få eit inkluderande samfunn og kor viktig det frivillige arbeidet og innsatsen er for å skape eit inkluderande samfunn. Hansen har leia fleire departement og vore arbeidsminister, sosialminister, inkluderingsminister og helseminister.

Menneskerettar
Andre tema første dag av konferansen blir retten til vern som flyktning og konsekvensar av det. Dr. juris Terje Einarsen skal gå gjennom dei juridiske rettane i forhold til internasjonale avtalar og nasjonale lover, mens advokat Gro Hillestad Thune skal vurdere menneskerettane opp mot statens legitime kontroll. Ho har vore medlem i Den europeiske menneskerettskommisjonen i 15 år. Dr. med. Edvin Schei skal vurdere korleis alle skal få likeverdige helsetenester.

Folkofon
På andre dag av konferansen blir gode døme frå det frivillige arbeidet vist fram, mellom anna musikaren Ole Hamre som har utvikla ”Fargespill” og ”Folkofonen”. Kva har samarbeidet mellom unge innvandrarar og norske unge innan song og musikk hatt å seie for menneskesynet hans.

Vil ikkje døy i eksil
Helseperspektivet blir følgt opp med tema om verdinormer i eldregenerasjonen og retten til eit verdig liv i alle aldrar. Vi møter mellom anna den svenske forfattaren Mustafa Can som vart kjent med boka ”Tett inntill dagene”, ei bok om mor hans der tema er både frå eit kvinne- og eldreperspektiv. Mange eldre innvandrarar har ein draum om å vende heim i staden for å eldast og døy i eksil.

Hordalandsmodellen
Konferansen blir skipa til av Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune, Fylkesmannen i Hordaland, IMDi og sentrale innvandrarorganisasjonar. Til grunn for konferansen ligg konseptet Hordalandsmodellen – med kurs for tverrkulturell forståing, som er eit kompetanseutviklingsprogram som skal gjere det offentlege tenesteapparatet betre i stand til å ta imot innvandrarar og flyktningar. Hordalandsmodellen og konferansane er utvikla av prosjektleiar Liv Tvilde Laading.

Første påmeldingar er alt komne
– Vi har alt fått påmeldingar før progranmmet er sendt ut, fortel Tvilde Laading, som i år står i spissen for den 8. konferansen, som er blitt ein fast årleg møteplass for menneske med ulike fagleg bakgrunn og funksjon.

Påmelding

Nærmare opplysingar og påmeldingsskjema (pdf)

Heimesida til Hordalandsmodellen med meir om tverrkulturell forståing og informasjon om tidlegare konferansar om Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn

Bjarte Brask Eriksen 15.09.2009 14:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart