75.000 kroner til smart kvinne eller mann

Smarte kvinner og menn i Hordaland kan igjen konkurrere om beste oppfinning. 75.000 kroner er premie til vinnaren av Oppfinnarprisen 2009. Til no er det berre menn som har gått til topps. Kvinner blir sterkt oppmoda om å melde seg.

Stimulans
Oppfinnarprisen for Hordaland 2009 vert delt ut for å stimulera til auka kreativitet, innovasjon og verdiskaping i fylket. Søkjarar må ha vilje og evne til å realisere og kommersialisere oppfinninga si. Kreative personar og miljø vert oppmoda om å melda seg på konkurransen, fortel næringssjef Lars Tveit.

Prisen
Prisen har i 2009 auka til 75.000 kroner. Fylkeskommunen vil med dette igjen synliggjere det fokuset ein har på satsingsområda entreprenørskap og innovasjon her i Hordaland. I tillegg er det to personar/miljø som får heiderleg omtale.

Kvinner og unge
Oppfinnarprisen har vore delt ut årleg sidan 1993 med nokre få unnatak. Så langt er det berre menn som har vunne. Fylkeskommunen oppfordrar difor spesielt kvinner og unge om å senda inn ideane og oppfinningane sine til konkurransen.

Må bu i Hordaland
Kandidatar til oppfinnarprisen skal vera busette og ha fast adresse i Hordaland. Kvar kandidat kan melda seg på med inntil to oppfinningar. Deltakarar som ynskjer å realisera ideen sin i Hordaland, vil få særskild merksemd.

Oppfinningane er sikra konfidensiell handsaming. Før prisutdelinga, som skjer på fylkestinget i desember i år, vil presentasjonen av vinnaroppfinninga verta utforma i samråd med prisvinnar.

Nettverk
Fylkeskommunen brukar gode samarbeidspartnarar og nettverk for å informere og marknadsføre Oppfinnarprisen, som til dømes regionråda, næringshagane og inkubatorane, og Innovasjon Noreg.

Kva er ei oppfinning?
Ei oppfinning er ei praktisk løysing på eit teknisk problem ved hjelp av naturen sine materiale og/eller energi. Oppfinninga kan være eit produkt eller ein framgangsmåte. (Store norske leksikon)

Retningsliner og skjema
Retningsliner for Oppfinnarprisen for Hordaland 2009 (word)
Påmeldingsskjema (word)

Påmeldingsfristen er fredag 16. oktober 2009

Påmeldinga skal sendast til
Hordaland fylkeskommune
Strategi og næringsavdelinga,
Postboks 7900,
5020 Bergen

Kontakttelefon: 55 23 92 82

17.09.2009 15:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart