
Trio Kokos i aksjon under lanseringa av levande kunst i skulane i Hordaland dette skuleåret: Morten Færestrand gitar og song (f.v.) Yvonne Algrøy, song og triangel og Sigrid Terese Moldestad hardingfele og song. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Hiphopartisten Lars Vaular i aksjon i Logen under presentasjonen. Elevar i ungdomsskulen får oppleve han dette skuleåret:
”Ein støvel og ein sko”
I Logen i Bergen presenterte fylkeskommunen ulike smaksprøver frå programtilbodet. Trio Koko opna showet med utdrag frå framsyninga ”Ein støvel og ein sko”, eit tilbod til elevar i 1. til 4. klasse. Vi fekk og høyre hiphop-artisten Lars Vaular i aksjon, som er eit tilbod til ungdomsskulane, og Tore Vagn Lid presenterte det visuelle høyrespelet ”Operasjon Almenrausch” med dokumentarisk materiale frå den andre verdskrigen. Her er målgruppa elevar i den vidaregåande skulen.

– Det skal bli leveleg for kunstnarar å bu i regionen vår, slo leiar av kultur- og ressursutvalet i fylket, Helge André Njåstad fast.
Vår eigen identitet
Helge André Njåstad understreka at det er viktig at regionen får fram sine eigne kunstnarar og at alt ikkje blir importert austfrå.
– Vi vil skape vår eigen identitet. Det skal bli leveleg for kunstnarar å bu i regionen vår.
Hordaland fylkeskommune skal gjere det lettare for kunstnarar å leve i fylket. Vi kjempar for å få mest mogeleg til regionen. Kulturen vår må ha gode vilkår. Eg er stolt over det fylkeskommunen har fått til. Det var ikkje så spennande då eg gjekk i skulen.
Tilbakemeldingane viser at tilbodet er positivt. Det har mykje å seie for elevane som får besøk, sa leiaren av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge André Njåstad.
Flott og fargerikt
Dette er første gongen fylkeskommunen slår på stortromma for den levande kunsten i skulen og presenterer det komplette tilbodet i eit flott og fargerikt hefte på 56 sider. Og konstituert fylkeskultursjef Ronny B. Skaar var i sitt ess då han presenterte både kunstnarar og program i Logen.
– Vi er ein stor og viktig arbeidsplass for frilanskunstnarar, sa konstituert fylkeskultursjef Ronny B. Skaar.
Varig glede
– Det er utruleg gøy å presentere vårt kulturelle program for skulane. Vi har hatt kultur i skulane i mange år, men ikkje laga virak rundt dette før. I år har vi tatt oss saman og laga eit hefte om alt som vi tilbyr skulane dette skuleåret. Vi har lagt vekt på mangfald. Det å møte levande kunst gir varig glede og interesse, sa Skaar.
17 millionar kroner
75 prosent av framsyningane er laga lokalt her i fylket, mens 25 prosent kjem frå Oslo. Kvart år brukar Hordaland fylkeskommune 17 millionar kroner på rundt 70 produksjonar
200 utøvande kunstnarar er engasjert og meir enn 60.000 elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen i Hordaland får dette tilbodet kvart år.
– Vi er ein stor og viktig arbeidsplass for frilanskunstnarar, slo konstituert fylkeskultursjef Ronny B. Skaar fast.
Heftet Levande kunst i skulen hausten 2009 og våren 2010 (pdf-fil, stor, kan ta litt tid å laste)
Omtale i BA - Stor bredde
Den kulturelle skulesekken i Hordaland
Kulturelt tilbod til skulane i Hordaland
Kultursidene til Hordaland fylkeskommune