Skulemiljøutval styrkar rettane til elevane

Alle vidaregåande skular skal ha eit skulemiljøutval der elevane har fleirtal. Dette var tema på skulestartkonferansen som Hordaland fylkeskommune og Elevorganisasjonen i Hordaland skipa til for elevråd og elevinspektørar på Grand Hotell Terminus.

– Elevane har fått styrka rettane sine ved innføring av skulemiljøutval der dei har fleirtal, seier jurist Johan Sverre Rivertz hos Fylkesmannen i Hordaland.
– Elevane har fått styrka rettane sine ved innføring av skulemiljøutval der dei har fleirtal, seier jurist Johan Sverre Rivertz hos Fylkesmannen i Hordaland. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Hindre fråfall
Om lag 170 elevar og elevinspektørar frå nesten alle dei vidaregåande skulane i Hordaland deltok.  Målet for den vidaregåande opplæringa er auka læringsutbytte og fullføring av utdanninga. For å nå målet og hindre fråfall er elevane si læring og læringsmiljø viktig.
– Elevane har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det går fram av opplæringslova, sa jurist Johan Sverre Rivertz hos Fylkesmannen i Hordaland til dei mange frammøtte.

June Breivik i Hordaland fylkeskommune fortalte at alle elevar no har rett til å gjennomføre eiga vurdering av skulearbeidet:

June Breivik i Hordaland fylkeskommune fortalte at alle elevar no har rett til å gjennomføre eiga vurdering av skulearbeidet.Plikt for alle tilsette
– Om dette ikkje er oppfylt, kan ein be skulen om tiltak for å rette dette opp. Skjer ikkje dette, har ein rett til å klage. Skulen har plikt til å gripe inn mot krenkande handlingar, mobbing, diskriminering, vald og rasisme. Dette er ein plikt for alle tilsette i skulen. Skulen har og plikt til å drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helse, miljøet og tryggleiken til elevane.

Skulemiljøutval
Rivertz understreka at elevane skal engasjerast i arbeidet med godt skulemiljø.
– Kvar skule skal ha eit skulemiljøutval der elevane, dei tilsette, skuleleiinga og fylkeskommunen skal vere med, men elevane skal ha fleirtal. Dette styrkar rettane til elevane. Utvalet er rådgjevande og har rett til å uttale seg i alle saker om skulemiljøet, sa Johan Sverre Rivertz.

Elevvurdering
Konferansen hadde og tema om elevvurdering. Enkelte skuler har gjennomført elevvurdering før, men no skal alle skular ha dette. Seniorrådgjevar Sigrid Hiller og prosjektleiar for den digitale skulen i Hordaland fylkeskommune, June Breivik, fortalte at alle elevar no skal drive eiga vurdering av skulearbeidet og dermed få innflyting på karakterane og ikkje lenger berre vere passive mottakarar.

Elevinspektørar og medlemmer av elevråda ved dei vidaregåande skulane i Hordaland deltok på konferansen.
Elevinspektørar og medlemmer av elevråda ved dei vidaregåande skulane i Hordaland deltok på konferansen.

Bjarte Brask Eriksen 07.10.2009 10:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart