Skular fekk Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2008

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2008 vart tildelt Stamnes skule i Vaksdal og Flaktveit skole i Bergen. Prispengane vert delt likt med 17 500 kroner på kvar prisvinnar, som også fekk diplom og blomar under tildelinga på Fylkestinget i Bergen i da

 

Leiar Helge Andre Njåstad i kultur- og ressursutvalet overrekte Miljøprisen 2008 til rektor Daniel Ødegård (t.h) ved Flaktveit skole saman med tre elevrådsmedlemer: Celine Teigland Helland 7A, Marie Olsen 7A og Natoli Gudeta Urgessa 6A. Frå Stamnes skule mottok rektor Liv Eli Seime Stamnes (t.v) og elevrådsleiar Henrik Balestrand  (7.klasse) prisen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.h). 
Leiar Helge Andre Njåstad i kultur- og ressursutvalet overrekte Miljøprisen 2008 til rektor Daniel Ødegård (t.h) ved Flaktveit skole saman med tre elevrådsmedlemer: Celine Teigland Helland 7A, Marie Olsen 7A og Natoli Gudeta Urgessa 6A. Frå Stamnes skule mottok rektor Liv Eli Seime Stamnes (t.v) og elevrådsleiar Henrik Balestrand  (7.klasse) prisen. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.h). Foto: Simon Sortland).

Tradisjon
Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1992 delt ut ein eigen miljøpris, og det har også etter kvart vorte ein tradisjon at tildelinga vert gjort på fylkestinget sitt oktobermøte. Med denne prisen vert ein eller fleire som har gjort ein særmerkt innsats for miljøet i føregåande år gjort stas på med ord, blomar og prispengar. Det er Kultur- og ressursutvalet som peikar ut prisvinnaren blant dei gode kandidatane vi får forslag om. Leiar av utvalet, Helge Andre Njåstad, stod for sjølve prisutdelinga.

Miljøutfordringar i kvardagen
- Miljøutfordringane har ikkje vorte mindre i dei åra vi har hatt miljøprisen. For dei som får prisen er det ei høgt verdsett oppmuntring til å stå på vidare. Også det å vere fremja som kandidat er ein heider i seg sjølv, og viser at andre har sett det viktige arbeidet som har vore gjort. Men sjølv om eldsjeler kan få gjort mykje bra, er noko av det viktigaste med pristildelinga at vi alle vert minna om dei ulike miljøutfordringane, og at vi vert bli inspirert til å gjere gode miljøval i kvardagen sjølv, sa utvalseiar Njåstad mellom anna under overrekkinga.

Prisen for 2008 går til Stamnes skule i Vaksdal og Flaktveit skole i Bergen fordi dei tek miljøutfordingane inn i kvardagen og gjer noko med dei. Dei har gjort ein særmerkt innsats med å sette miljø og berekraftig utvikling som viktige fokusområde i det daglege arbeidet.

Om vinnarane seier juryen: ”Stamnes skule i Vaksdal - målretta miljøvernarbeid gjennom mange år som gjev godt håp for framtidas generasjonar. Skulen og elevane er gode førebilete, og inspirerar både vaksne og born til å ta miljøutfordringane på alvor. ”
”Flaktveit skole i Bergen - systematisk arbeid med berekraftig utvikling og miljø gjennom fleire år. Gjennom undervisning og praktisk handling i kvardagen får elevane kunnskap om dei store miljøutfordringane og erfaring i korleis ein sjølv kan bidra til å løyse dei.  Som fyrtårnskule for berekraftig utvikling vert arbeidet formidla ut til andre skuler i kommunen – og inspirerar slik fleire til å ta miljøutfordringane på alvor.”

Pionerar
Desse to skulane er pionerar. Vonleg kjem det mange etter dei, både skular og andre verksemder. Fylkeskommunen har til no sjølv miljøsertifisert ein handfull einingar, av dei Askøy vidaregåande skule, men går no inn i ei tid der vi søkjer å få alle med.

- Elevar og lærarar på dei to prisvinnarskulene i dag er med sine kunnskapar viktige ambassadørar for miljøet, noko som gjev godt håp for framtida. Vi voner prisen og prispengane gjev inspirasjon til å halde fram med det gode arbeidet, takka leiar Helge Andre Njåstad i Kultur- og ressursutvalet.

Overraska og takksame
- Vi er overraska og takksame. Vi vil skape overskrifta ei utdanning for berekraftig utvikling. Det er ei anerkjenning til alle elevane og administrasjonen ved Flaktveit skule, takka rektor Daniel Ødegård. Han utfordra også Hordaland fylkeskommune å gå inn for ei slik utdanning.


Flott skulesang frå elevane ved Stamnes skule: Henrik Balestrand  (7.klasse) elevrådsleiar skuleåret 2008-2009, Kine Skjervheim Vedaa (7.klasse) elevrådsleiar skuleåret 2009-2010, Hanne Leiren Fossmark (medlem i elevrådet 2008-2009), Emanuel Johnsen Lunda (repr frå 6.klasse), Katarina  Linnea Hesjedal  (repr frå 3 kl ) og Annika Hesjedal (repr frå  repr frå 4 kl) saman med rektor Liv Eli Seime Stamnes og lærar Eidrun Normann Straume på gitar.

- Vi er stolte over å bli tildelt prisen. Miljø har alltid stått på timeplanen medan eg har gått på Stamnes skule. Tenk miljø – bruk naturen, oppmoda elevrådsleiar Henrik Balestrand (7. klasse).

Han hadde forsterkingar under framføringa av ein av songane frå miljøprosjektet deira ”Eksosfeen” i Hanne Leiren Fossmark (medlem i elevrådet 2008-2009), Emanuel Johnsen Lunda (repr frå 6.klasse), Katarina  Linnea Hesjedal  (repr frå 3 kl ) og Annika Hesjedal (repr frå  repr frå 4 kl). Dei fekk ståande ovasjonar etter si entusiastiske framføring.

Tidlegare vinnarar av miljøprisen

Simon Sortland 13.10.2009 11:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart