Saman om felles strategi for ein styrka region

Avlys strilekrigen og gå for mottoet by og land hand i hand. – Hordaland fylkeskommune har verkemidlar som gir dykk ein unik sjanse til å opna dører mot sentrale styresmakter og nettverk nasjonalt og internasjonalt. Bruk oss, oppmoda fylkesvaraordfører To

Fylkesvaraordfører Tom-Christer Nilsen meiner vi må vere dristige i vår strategi for regions- og næringsutvikling

Kommunane i bergensregionen har no saman med næringsliv, forsknings- og utviklingsmiljøene og Hordaland fylkeskommune starta opp arbeidet med å laga ein felles strategisk næringsplan for heile denne regionen som består av 19 kommunar og nær 400 000 innbyggjarar. For første gong skal dei 19 kommunestyra vedta ein felles overordna plan for næringsutvikling.

 – Planen byggjer mellom anna vidare på Bergen kommune sin Strategisk næringsplan, Bergen Scenarier 2020 og Regional utviklingsplan for Hordaland fylkeskommune. Vi konsentrerer oss sjølvsagt om dei sterke næringane i regionen som maritim, marin, energi, reiseliv og opplevingar, men er også på jakt etter nye gryande næringer og klynger, seier adm. direktør Asbjørn Algrøy i Business Region Bergen (BRB).

Fylkesvaraordfører Tom-Christer Nilsen meiner vi må vere dristige i vår strategi for regions- og næringsutvikling.

 

- Må vere dristige
- Nordmenn vert sett på som ”rik, men uroa”. Vår regionale respons på dei overordna utfordringane energi, verdiskaping og fordeling må ta direkte utgangspunkt i kva som skjer på den internasjonale arena. Difor handlar det om samspel, å skapa sterke interkommunale regionar knytt opp mot byar som er motorar. Vi må ha kontinuitet og fornying, understreka mellom anna Ole Berrefjord i sitt innlegg.

Stor deltaking på Business Region Bergen sin oppstartskonferanse for strategisk næringsplan 29. september.- I vår visjon står samspel med dei rundt oss sentralt og vi må tenke internasjonalt. Men det er også viktig å samhandla i dei daglege prosessane, sa nestleiar Lisbeth Iversen i Bergen byråd.

Stor deltaking på Business Region Bergen sin oppstartskonferanse for strategisk næringsplan der adm.dir. Asbjørn Algrøy (over) i BRB la vekt på samhandling i den vidare prosessen med startegisk næringsplan for bergensregionen.

Sentrale utfordringar er samferdsle, kompetanse, innovasjon areal, marknadsnærleik, infrastruktur og partnerskap, påpeika fylkesvaraordfører Tom-Christer Nilsen. Mellom anna på at vi har eit overordna vegnett med komande avviklingsproblem. Bergen skal ikkje vere eit vegkryss, men eit nav for heile regionen, sa Nilsen.

 

- Noko av det vi er best på er fjernstyring, og det bør gje føringar på korleis vi tenkjer. Vi må bli tøffare i prioriteringane og våge å bli unike på nokon felt. Det betyr å vere dristige basert på kunnskap, røynsle og nyskaping, understreka fylkesvaraordføraren.

Ole Berrefjord sitt innlegg handla om 5+ omgrepet og heilskapstenkinga som må liggja i botn for ein strategisk næringsplan. - Den må vere spenstig, og ikkje tannlaus, slo han fast.


Tøff kamp om talenta

- Næringslivet vert stadig meir kunnskapsbasert og konkurransen hardnar til. Byregionar spelar ei stadig større rolle i næringsutviklinga. Kunnskapssentra tiltrekkjer seg dei beste talenta og kunnskapsbedrifter etablerer seg der. Bergen har sokalla kritisk masse, og med dykkar forskings- og utdanningsinstitusjonar kan de konkurrera med Oslo på dette feltet, seier Erik W. Jakobsen i Menon Business Economics.

Managing partner Erik W. Jakobsen utfordra bergensregionen til å bli best på einksildområde i staden for nestbest på fleire.

Den tidlegare førsteamanuensisen ved NHH utfordra Bergensregionen til å bli tøffare i val av satsingsområde og prioriteringane framover. – Fortrinna Bergen og regionen rundt har på dei definerte satsingsområda er felt dei er gode på i resten av landet også. Skal ein vere nest best i alt, eller dyrka fram det unike og bli best på einskilde felt, var utfordringa frå Jakobsen.

 

Managing partner Erik W. Jakobsen i Menon Business Economics utfordra bergensregionen til å bli best på einksildområde i staden for nestbest på fleire.

Ferdig sommaren 2010
– Bergensregionen er eit felles bustad-, arbeids- og serviceområde, og ein region som samhandlar på ei rad felt. Med ein Strategisk næringsplan får vi eit felles verkty for å jobba saman mot felles mål, og med felles forståing for strategiar og mål, seier Algrøy i BRB.

Styreformann i BRB, Herman Friele, og omlag 200 andre frå næringsliv, forskings- og utviklingsmiljø og det offentlege deltok på oppstartskonferansen for Strategisk Næringsplan 29. september.

BRB var vertskap for konferansen som samla kring 200 deltakarar på Bergen Scandic Hotel tysdag 29. september. Dei leiar også planprosessen. No skal det setjast ned referansegrupper som skal jobba med definerte oppgåver innan ulike område.



Målet er at planen skal vere ferdig tidleg neste vår, for så å bli lagt fram for kommunestyra i eigarkommunane vår/sommar 2010.

Styreformann i BRB, Herman Friele, og omlag 200 andre frå næringsliv, forskings- og utviklingsmiljø og det offentlege deltok på oppstartskonferansen for Strategisk Næringsplan.

 Program

Alle føredraga

 

Tekst og foto: Simon Sortland 01.10.2009 14:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart