STOLTE: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og rektor Inge Alver er begge stolte over nybygget ved Knarvik vidaregåande skule.
– Med dette tilbygget har de ved Knarvik vidaregåande skule fått eit godt grunnlag til å møta dei komande åra. Fylkeskommunen har fått ein flott skule, de har fått ein god stad for arbeid og samarbeid, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ha føretok den offisielle opninga av nybygget.
Fylkesordføraren oppfordra: – Bruk skulen til å skapa det lærings- og arbeidsmiljøet den innbyr til! Slik eg kjenner «skulefolket» i Nordhordland, er eg overtydd om at dei forventningane vil verta innfridde.
Nybygg til 138 mill. kr +++
Utbygginga ved Knarvik har ei kostnadsramme på 138 mill. kr for 4000 kvadratmeter nye lokale og 1200 kvadratmeter ombygde lokale. Meir om tilbygget.
I tillegg vert det no brukt 10-11 mill. kr til ytterlegare opprusting av dei eksisterande lokala, finansiert mellom anna med midlar fylkeskommunen har fått gjennom staten si «krisepakke».
Takk for nybygget
Takk for nybygget! Takk til fylkespolitikarane som tok den kloke avgjerda om utbygginga, sa rektor Inge Alver ved opninga.
Rektor Alver retta ei særskild takk til arkitekt Torill Tverrberg (Rambøll Noreg AS), prosjektleiar Ragnhild Aak Skajaa (Eigedomsseksjonen i fylkeskommunen) og byggjeleiar Ørjan Særsten (Fylkesnes AS). Alle slags spørsmål og avklåringar som må gjerast under utbygginga, har dei handtert i nært og godt samarbeid med mange partar og dei har sytt for at me har hatt ein god byggjeprosess, sa rektoren.
Skulen fekk på si side skryt for kor smidige dei hadde vore i byggjeperioden, der undervisninga heile perioden har gått i lokale tett opp til utbyggingsområda.

OVERLEVERING: Frå høgre: Eigedomssjef Helge Haavardthun overleverte den symbolske nøkkelen for skulen (fylkesplaketten) til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som sende den vidare til leiar Roald Stenseide i opplærings- og helseutvalet. Han let den gå vidare til oppæringsdirektør Svei-Erik Fjeld som gav vidare til rektor Inge Alver.
Populær skule
Det er kjekt å tilby eit slikt fantastisk bygg med godt utstyr til elevane våre. Og det er kjekt å sjå den gode samhandlinga det er mellom skulen og næringslivet, sa leiar i opplærings- og helseutvalet Roald Stenseide. Eg har registrert at Knarvik vidaregåande skule er ein veldig populær skule – også for ungdomar frå bergenssida, la han til.
Høg kvalitet
Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld trekte fram det same. Han trekte også fram at ved årets elevinntak hadde Knarvik vidaregåande skule høgare nedre poenggrense enn mange av bergensskulane.
Eg har også merka meg at elevfråfallet ved skulen er langt under landsgjennomsnittet. Og vaktmeisteren fortel meg at det nesten ikkje er spor etter hærverk på skulen, sa opplæringsdirektøren.
Samarbeid med mange
Fylkesordføraren, opplæringsdirektøren og fleire andre trekte fram det gode samarbeidet Knarvik vidaregåande skule har med lokalmiljøet, kommunen, politiet, det lokale næringslivet – og også med foreldra til elevane.
Lensmann i Nordhordland, Einar Vatne, skrytte av godt samarbeid mellom skulen og politiet. Knarvik vidaregåande taklar problemungdom heilt spesielt i høve til det som er gjengs for skular flest.
«Knarren» – flott amfisal
Men den gamle gymnastikksalen til gymnaset som hovudingrediens er det bygd opp ein flott amfisal – «Knarren» – med plass til inntil 230 personar. Det var her opningsmarkeringa vart halden med kring 150 gjester på plass.
Sponsa flygel
Frå bidragsytarar lokalt har skulen fått kring 400 000 kr i gåver til nytt flygel og diverse sceneustyr.
– Me har fått eit kjempegodt flygel som vil vera sentralt i den «kulturstova» som «Knarren» kan verta både for skulen og lokalsamfunnet. Draumen min er å få Bergen filharmoniske orkester til å spela her med solist på klaveret, sa Inge Alver.

FLYGELET: Rune Alver innvigde det nye flygelet med «Velkomen med æra». Flygelet til 400 000 kr er finansiert med sponsormidlar og vert ståande i amfisalen «Knarren» – som også er den einaste «kulturhussalen» som finst i bygdebyen Knarvik.
Millionutstyr
Knarvik vidaregåande skule har formalisert samarbeid med om lag 100 verksemder. Ei av dei er Frank Mohn som har gjeve moderne maskinutstyr for bortimot 2 mill. kr. For tida har verksemda 40 lærlingar.
Produksjonssjef Richard Sulen frå Frank Mohn Flatøy sa at for deira verksemd er det ei investering i eiga framtid når dei yter ei slik gåve. Skulen får att folk som nærast kan gå rett inn i produksjonen.
Kunstverket «Vekst»
Nybygget i Knarvik er den første skulen som har fått kunstnarleg utsmykking til 500 000 kr etter det nye kunstreglementet til Hordaland fylkeskommunen.
Skulpturen «Vekst» er forma som ein månesigd eller båt (knarr) og er plassert framfor skulen. Kunstnaren er John Audun Hauge.
Lenkjer
Slik presenterer Knarvik vgs sjølv opninga
Bilete frå nybygget
Meir om Knarvik vidaregåande skule
Avisa Nordhordland, nettside: Gratulerer med nyeskulen

GÅVE FRÅ NORMISJON: Elevane ved Knarvik vidaregåande skule har i ei årrekkje samla inn pengar til Normisjon sitt prosjekt i Aserbajdsjan. Asbjørn Risa (t.h.) gratulerte og overrekte går til elevrådet – eit måleri av kunstnar Josef Mirza frå Aserbajdsjan. Elevrådsleiar Rosemari Valdersnes (t.v.) og tidlegare aksjonsleiar Janne Tjore tok imot.