Eit samrøystes fylkesutval gjekk inn for gjenoppretting av båtruta mellom Bergen og Newcastle som vart lagt ned hausten 2008, etter 130 års drift mellom byane.
Vestlandssamarbeid
Følgjande fråsegn vart vedteken:
”Vestlandssamarbeid kring gjenoppretting av båtruta til England
Båtruta mellom Bergen og Newcastle vart lagt ned hausten 2008, etter 130 års drift mellom byane.
Konsekvensane for reiseliv og viktige eksportnæringer på Vestlandet er omfattande og negative.
Turistane som før kom med Englandsbåten kjem ikkje lengre til Vestlandet i same grad. Nedgangen frå Storbritannia har hatt store konsekvensar for reiselivet i 2009-sesongen med langt færre gjestedøgn.
Transport av fisk, industrivarer og oljeutstyr m.m. vert no overførd til landevegen, til dels heilt til Zeebrugge før varene vert transportert over den engelske kanalen til marknaden i England, Skottland og Wales. Dette gir negative konsekvensar både økonomisk og miljømessig for Vestlandet.
Fylkesutvalet i Hordaland vil gje si fulle støtte til utgreiingsarbeidet som er utført av Bergen Reiselivslag m.fl. som konkluderar med at det både er eit stort behov og godt grunnlag for å gjenopretta ruta. Dette er avhengig av at det vert sett inn ein ny og tilpassa båt til føremålet med lokalt forankra eigarar og operatørar.
Fylkesutvalet i Hordaland vil ta eit politisk initiativ overfor hamnemynde, involverte byar, næringsaktørar, reiarlag og transportørar for å finne ei løysing med sikte på gjenoppretting av ei framtidsretta heilårleg båtrute til Newcastle.”
Vil ha toppidrettsutdanning i Bergen
Studiebyen Bergen manglar ein mastergradsutdanning innan idrett. Eit samrøystes fylkesutval går inn for at Bergen må få mastergradsutdanning i idrett.
Fylkesutvalet vedtok følgjande fråsegn:
”Bergen må få mastergradsutdanning i idrett
Hordaland fylkesutval ser det som svært viktig at Bergen innan kort tid skal kunne tilby ein mastergrad innan idrett på lik line med Oslo, Trondheim, Levanger og Agder. Idrettsfaget er i dag blant dei mest etterspurte tilboda innan høgskuleutdanninga i Norge.
Hordaland fylke har i dag stor aktivitet på mange felt innan idrett og friluftsliv. I tillegg til den omfattande aktiviteten i friviljug sektor har også fylkeskommunen teke eit stort ansvar gjennom idrettsliner i den vidaregåande skulen. Det siste er Toppidrettslinjer i Bergen og på Voss. Det er difor svært viktig at høgskulesektoren følgjer opp dette innan sitt ansvarsområde.
Bergen og Hordaland var seint ute i høve til andre studiestader i landet med å tilby bachelorutdanning innan idrett. For Bergen som studieby med 30 000 studentar er det naturleg å ha ambisjon om ei masterutdanning innan idrett på relativt kort sikt. Dette vil også vere eit viktig tilbod for studentar frå Sogn og Fjordane og Rogaland.
Ved Høgskolen i Bergen (HiB) har det i mange år vore eitt-årig kroppsøvingslærarutdanning (årseining i idrett). Først i 2006 vart det satt i gang ein bachelorutdanning i idrett. Denne utdanninga vart etablert på bakgrunn av engasjement frå fleire miljø, herunder Høgskolen i Bergen, Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komite, Hordaland idrettskrets og Olympiatoppen Vest-Norge. Økonomisk vart det gjort mogleg gjennom eksterne midler frå Trond Mohn.
Ei styrking /vidareutvikling av bachelorutdanninga innan idrett i Bergen vil ha positive ringverknader i regionen. Den vil bidra til å halde på kompetansen samt trekke ny kompetanse til regionen. Det er eit viktig bidrag til økt kunnskapsnivå både innan skuleverket, kultur, folkehelse, friviljug arbeid og idrett på ulike nivå.
I tillegg til dei ressursane HiB i dag sjølv rår over må den naudsynte basisfinansiering av eit slikt studietilbod sikrast på lengre sikt. Det er rimeleg at dette kjem i form av nye studieplassar, finansiert over statsbudsjettet.”