Jondalstunnelen alt. N6 får frist til 15. november

Fylkesutvalet vedtok samrøystes at dei i påvente av ekstern fullfinansiering av alternativet N6 vil kome attende til endeleg fastsetting av traseval for Jondalstunnelen på møte i fylkesutvalet 18.-19.november 2009.

Fylkesrådmannen har i samråd med Statens vegvesen avklart at det vil vere mogeleg å avvente ei endeleg avklaring av val av alternativ til møte i fylkesutvalet, 18. – 19. november 2009, utan at dette vil forseinke eller føre til meirkostander for bygginga av Jondalstunnelen. Det er lagt opp til at første salve for tunnelen vil bli sprengt 3.november 2009.

Fylkesrådmannen vurderer og at det er ein reell moglegheit for at fylkesmannen vil gje dispensasjon for ei utvida landdeponiløysing i Nordrepollen, Kvinnherad kommune, og dermed utløyse innsparte kostnader som ein direkte følge av val av alternativet N6. Dei innsparte kostnadene med utvida deponiløysing på land i Nordrepollen, Kvinnherad kommune, er direkte avhengig av val av alternativ N6.

Med grunnlag i det som vert omtalt som samla belastning i naturmangfaldslova, kan fylkesmannen gje dispensasjon og redusere krava til miljøomsyn på eit område dersom det vert lagt opp til mindre inngrep på eit anna område i det samme tiltaket.

Fylkesrådmannen har vore i kontakt med ordføraren i Jondal kommune og blitt orientert om at det heilt konkret vert arbeidd med å få på plass ein fusjon mellom det kommunale føretaket Jondal Energi  og Odda Energi A/S eller Indre Hardanger Kraftlag A/S, der det nye selskapet må stilla til rådvelde nødvendig kapital for fullfinansiering av N6. Ordføraren seier at alle dei tre energiselskapa er innstilt på å arbeida intenst dei neste vekene, for om mogeleg å løysa både eit energipolitisk spørsmål og fullfinansieringa av N6 alternativet.

Med grunnlag i dette tilrådde fylkesrådmannen at kommunane får frist til innan 15. november 2009 med å framskaffe nødvendig fullfinansiering av alternativet N6 for Jondalstunnelen.

Les meir om andre vedtak og fråsegner i fylkesutvalet her:
PM Vedtak i fylkesutvalet 22102009.pdf
PM fråsegner Englandsbåten og mastergrad idrett.pdf

Simon Sortland 23.10.2009 10:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart