Indre Hardanger framleis mest sårbar

Sårbarheitsindeksen for Hordaland 2009 syner at Indre Hardanger framleis er den mest sårbare regionen i fylket, då dei skårar relativt høgt på alle dei fem kriteria. Kvinnherad kjem betre ut enn sist på grunn av god vekst i talet på bedrifter.

Hordaland fylkeskommune utarbeider kvart tredje år ein Sårbarheitsindeks for Hordaland, til bruk som grunnlagsdata for arbeidet med omstilling og nyskaping i Hordaland.  Føremålet med Sårbarheitsindeksen er å gje ein indikasjon på kva område i Hordaland som er mest utsett eller sårbar for brå eller langvarige endringar i næringsliv og sysselsetjing.

Indre Hardanger er nokså avhengig av arbeidsplassar i store industribedrifter, som i Ålvik.

Indeksen skal også seie noko om sterke og svake sider i ulike delar av fylket. Indeksverdiane må tolkast med varsemd og analysen må sjåast på som eit utgangspunkt for vidare drøfting og samarbeid med kommunane.  

Folketalsauke i Hardanger
Det som betyr mest for graden av sårbarheit i Indre Hardanger er at regionen er nokså avhengig av arbeidsplassar i store industribedrifter og at regionen ligg an til ein nedgang i folketalet. Den gledelege folketalsauken i Hardanger det siste året kjem ikkje med i indikatorane for 2009. Vonaleg vil den påverke i posisitv lei på neste sårbarheitsindeks. 

Indre Hardanger er nokså avhengig av arbeidsplassar i store industribedrifter, som i Ålvik. 

Stord/ Fitjar/ Bømlo/ Tysnes er den regionen som i størst grad er avhengig av få store industribedrifter, og regionen har mange arbeidsplassar i vareproduserande næringar elles. Regionen har hatt god netto tilvekst av bedrifter, noko som bidreg til å redusere sårbarheita.

Bergen og Askøy, Os og Fusa og Øygarden og Sotra kjem ut med låge verdiar på indeksen, og framstår dermed som lite sårbare.

Heile rapporten finn du her

20.10.2009 15:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart