Fredag føremiddag møtte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ei gruppe ungdomspolitikarar frå Rød Ungdom utanfor fylkesbygget og tok imot 500 underskrifter for eit betre busstilbod av aksjonsleiar Jonas Tjeldflaat.
Med banner påteikna ”Tenk miljø – ikke profitt” som bakteppe overleverte aksjonsleiar Jonas Tjeldflaat i Rød Ungdom 500 underskrifter for eit bedre busstilbod og ein leiketybuss til fylkesordføraren. Han gjorde det klart at RU skuldar bussproblema den siste tida på anbodsutsetjinga av kollektivtrafikken.
– Det er vi usamde om, men eg stiller meg bak parolen dykkar om de vrir litt på den. Å tenke miljø vil gi profitt på sikt, sa Selsvold Nyborg. Ho opplyste dei frammøtte om at kollektivtrafikken har fått stor plass i fylkesbudsjettet, mellom anna uendra pris på ungdomskortet.
Aksjonsleiar Jonas Tjeldflaat i Rød Ungdom overrekkjer 500 underskrifter for eit betre busstilbod i Bergen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
ba.no: Vær så god, Torill