Gullalder
– Fylkeskommunane opplever no samla ein slags gullalder når vi ser på dei økonomiske rammene for 2010 og kanskje også vidare framover. Dette kjem av at regionreforma har gitt oss store tillegg i driftsinntektene som skal nyttast til finansiering av vegprosjekt. Dei fleste og viktigaste endringane er meir eller mindre på plass. Vi overtar som vel kjend ei stor oppgåve, og mange små. Den store vegreforma samarbeider vi svært godt med vegetatens folk om, og eg er sikker på at vi skal klare å gjennomføre denne delen av regionreforma på ein smidig måte.
Bybanen
Fylkesrådmannen understreka at kollektivtrafikken er eit prioritert område og fylkeskommunen og Bergen kommune arbeider i et nært samarbeid om utvikling og utbygging av Bybanen.
– Bergen kommune har ansvar for utbygginga av første etappe, Bergen sentrum til Nesttun, mens vi får ansvaret for neste etappe. Vi har alt driftsansvaret og arbeidet og ikkje minst utgiftene med dette. Det er berre passasjerane og inntektene som må vente til juni neste år. Samarbeidet mellom oss og kommunen går godt, men eg trur det er en betydeleg fordel at same instans har ansvar både for investering og drift når det gjeld neste etappe.
Stor og kontroversiell
Fylkesrådmannen viste til at det største og mest kontroversielle endringsarbeidet no skjer innanfor kollektivsektoren.
– Bybanen er ein stor og tung investering og som til dels er kontroversiell på grunn av den økonomske storleiken og på grunn av bompengefinansieringa. Organiseringa av ansvaret for Bybanen har heller ikkje vore utan debatt. Vi gjennomfører ei omfattande modernisering av billetteringssystemet. Dette er ei teknologiutvikling som sjølvsagt er risikabel både teknologisk og økonomisk. Vi gjennomfører eit kontroversielt anbodssystem med bruttoordning og tung investering i infrastruktur. Og samstundes driv vi kollektivtrafikk som går på gummihjul i ein by som gravast opp mens arbeidet pågår. Ein stund kunne det nok verke tryggare å ikkje prøve så mykje nytt, i alle høve ikkje så mykje nytt på ein gong. Eg er derimot overtydd om at det vi no gjere har en betydeleg oppside og at nedsida ved å la alt halde fram som før, er undervurdert. Men, som vanleg, det krev meir og fastare leiing å gjennomføre vanskeleg endringsarbeid og i kollektivsystemet er det definitivt krevjande endringar som gjennomførast.
Omlegging i Bergen
Når den vanskeleg perioden går over understrekar fylkesrådmannen at vi får ein moderne kollektivtrafikk.
– Dessverre er det og slik at sjølv om den vanskelege perioden går over i Nordhordland, slik den alt har gjort i Sunnhordland, er vi ikkje ferdige med det. Omlegginga av kollektivsystemet i Bergen og ny teknologi kjem til å bli vanskelegare enn det vi har gjort så langt, men vi kjem til å få ein moderne kollektivtrafikk til slutt. Det gjeld berre å konsentrere seg om jobben som skal gjerast, og ikkje om problema. Om eit år skal eg minne meg sjølv og fylkestinget om akkurat dette, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen sin.
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen (rikt tekstformat)
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (rikt tekstformat)