Europakontoret som ”superbrukar”

Hordaland fylkeskommune ved Europakontoret er i 2009 sertifisert som "superbrukar" av EU-programmet Leonardo da Vinci.

For første gang har SIU (Senter for internasjonalisering av høyere utdanning) peikt ut fem fylkeskommunar som sertifiserte ”superbrukarar”, blant desse altså Hordaland fylkeskommune ved Europakontoret. Sertifiseringa gjeld for EU- programmet Leonardo da Vinci, som Europakontoret er regionalt kontaktpunkt for, og er basert på kvalitetsarbeid og evna til å mobilisere eit høgt volum av deltakarar.

Leonardo da Vinci-programmet er retta mot fag- og yrkesopplæringa i Europa,  og er ein del av EU sitt program for livslang læring (LLP). Dei tildelte midlane går til individuelle stipend til reise og opphald med tanke på å auke mobilitet innan EU. Deltakarane kan få støtte til inntil 1års opphald og arbeidspraksis i bedrifter i Europa.
Med sertifiseringa får Europakontoret  ei rammeløyving som gir større fridom til å bruke programmidlane i tråd med målsetjingane til Hordaland fylkeskommune.

”Sertifiseringa inneber ein effektivisering av Europakontoret sitt arbeid ved at søknadsprosedyren mellom Europakontoret og SIU i stor grad blir forenkla”,  fortel spesialrådgjevar og ekspert på Leonardo da Vinci-programmet ved Europakontoret, Kirsten Ese.
Dermed kan Europakontoret bruke meir av tida på å hjelpe søkjarane til Leonardo-programmet, og på den måten ytterlegare kvalitetssikre innhaldet i søknadene.
 
Nokre fakta…

Europakontoret har fått omlag 20 millionar kroner frå EU til sin aktivitet innan Leonardo-programmet.

Sida 1996 har Europakontoret delt ut over 1.500 stipend til reise og opphald til elevar, lærlingar, studentar, instruktørar og tilsette i verksemder i Hordaland.

Vi har gjennom vårt arbeid med Leonardo opparbeidd eit nettverk av om lag 320 bedrifter som vi samarbeider med, fordelt på 18 europeiske land.

Dei to siste åra har vi satsa spesielt på å auke den internasjonale kompetansen innan HFK, og har til nå allereie tildelt 22 stipend berre til administrasjonstilsette frå HMT, AUD, Strategi- og Næringsavdelinga,  mm.

Europakontoret er ein av dei største brukarane av Leonardo-programmet i Noreg, og bidrar på den måten til auka internasjonal fagkompetanse, språkkunnskapar og interkulturell forståing innan næringslivet i Hordaland.

Signe Greve-Isdahl 02.10.2009 15:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart