Bokbåten rundar 50

Bokbåten i Hordaland fyller 50 år i haust. Jubileet skal feirast i samband med haustturen rundt i fylket frå 5. til 27. november, mellom anna med open bokbåtdag i Bergen 14. november. I samband med jubileet lyser vi ut konkurransen "Mitt bokbåtminne" for

Bokbåten er for både store og små. Foto: Stian Wiik.

Bokbåten er for både store og små. Foto: Stian Wiik.Første bokbåt i Noreg
I haust er det 50 år sidan bokbåten gjekk sin første tur i Hordaland, og starten på bokbåtverksemda i Noreg! På haustturen 2009 skal jubileet feirast, og alle som besøker bokbåten skal merke bursdagsstemninga. Frå 5. til 12. november er båten på tur nord i fylket og frå 15. til 27. november i sør.

Cirkus Sibylla
Laurdag 14. november er det open bokbåtdag i Bergen, der du mellom anna kan oppleve legendariske Cirkus Sibylla!

Første møte med litteratur og kultur
I fleire generasjonar har folk i kystbygdene hatt glede av bokbåten. Nokon har fått sitt første møte med litteratur og kultur her og mange har gode minne frå opplevingar om bord. Opp gjennom åra har tilbodet blitt modernisert og i dag er interessa for bokbåten større enn nokon gong.

”Mitt bokbåtminne”
Kva er ditt beste minne frå bokbåten? Send oss ditt minne og vinn flotte premiar! Konkurransen er for folk i alle aldrar.

Bokbåtkatten
Hugsar du første gong du kom om bord? Er det eit kulturprogram du aldri gløymer? Har du lånt ei bok som gav deg noko heilt spesielt? Er det eit møte på båten som har sett spor? Har du fått eit glimt av bokbåtkatten ”Epus” om bord og spekulert på korleis han trivst på båten? Kanskje eit heilt bokbåtbesøk på heimstaden din frå du vakna om morgonen til du gjekk heim med den fulle bokbåtposen i handa, er det beste? Har du kanskje gode minne frå den tida bokbåten hadde kveldsprogram for vaksne? Kan hende har du spesielle minne frå arbeid med bokbåten på ein eller annan måte?

Teikneserie
Send oss ditt bokbåtminne i form av ei forteljing, eit kåseri, eit dikt,  ei teikning, ein teikneserie, eit foto, ein fotoserie eller ein liten film innan 1. desember. Vinnarane og bidraga blir offentleggjort 14. desember på nettstaden til bokbåten www.bokbaten.no i aviser m.m. På nettstaden til bokbåten vil også fleire av bidraga bli publisert.

Flotte premiar
Vi kårar vinnarbidrag frå ein vaksen og eit barn, som får kvar sin bokstabel frå Norli bokhandel med nytt frå hausten, gåvekort på kr. 1000,- på bøker, lydbøker og anna, og i tillegg fleire overraskingar!

Jury
Juryen består av forfattarane og bokbåtveteranane Stig Holmås og Sylvelin Vatle, og representantar frå Hordaland fylkesbibliotek.

Send bidrag til:
fbib@post.hfk.no / Hordaland fylkesbibliotek, p.b. 7900, 5020 Bergen
Merk bidraget med namn, alder, adresse og tlf.nr.

Arrangør
Hordaland fylkesbibliotek arrangerer konkurransen og Norli bokhandel bidrar med bokpremiar.

Lena J. Glesnes 09.10.2009 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart