- Må dyrka og styrka marknadsføringa av mangfaldet

Hordaland og bergensregionen er nest best i alt, men har den vakraste naturen og det største mangfaldet ifølgje Omdømmebarometeret 2009 som vart presentert torsdag.

Paneldebatt med finansbyråd Harald Victor Hove (t.v) i Bergen kommune, direktør Jan Per Styve i strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, adm.dir. Asbjørn Algrøy i Business Region Bergen, regionsdirektør Erik M. Throndsen i SpareBank 1 SR-Bank og hotelleigar Edmund Utne.
Paneldebatt med finansbyråd Harald Victor Hove (t.v) i Bergen kommune, direktør Jan Per Styve i strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune, adm.dir. Asbjørn Algrøy i Business Region Bergen, regionsdirektør Erik M. Throndsen i SpareBank 1 SR-Bank og hotelleigar Edmund Utne.

 – De mest kompetente tillet seg å stilla krav utanom gode jobbmulegheiter, og her har vi ein styrke i mangfaldet vårt, understreka strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve i Hordaland fylkeskommune.

Hordaland er eit fylke med vakker natur, gode fritidstilbod og ein god stad å vekse opp for born og unge. Bergensregionen scorer høgt på å ha interessante jobbar for dei med høg utdanning, gode forskingsmiljø, ein god stad å ta høgare utdanning og eit attraktivt kulturtilbud. Sjølv om det er eit inntrykk av at det er relativt mange mulegheiter for folk med høgare utdanning, er hovudtrekket at det vert knytt stor uvisse til kva ein skal meine om fylket sitt næringsliv. Sjølvbiletet stadfestar i hovudsak det biletet landets befolkning har av Hordaland.

Første omdømmebarometer
Det første Omdømmebarometeret kom i 2006 og gjald Sørlandsregionen. Hordaland fylkeskommune, Business Region Bergen og Sparebank 1 SR-bank har fått gjennomført Omdømmebarometeret for Bergensregionen og Hordaland fylkeskommune. Totalt er 8 000 nordmenn spurt. Omdømmebarometeret er også gjennomført for Stavangerregionen og Rogaland, Kristiansandsregionen og Sørlandet, samt for Trondheimsregionen og Osloregionen.

- Omdømmebarometeret gir svar på kva inntrykk omgjevnadane har. Korvidt dei er sanne og krev konkrete endringar i atferd eller handlingar, eller om dei er usanne og dermed berre krev betre kommunikasjon er vurderingar som til ein viss grad kjem fram i barometeret. Om de står ovanfor strukturelle eller kommunikasjonsutfordringar må takast vidare i diskusjonane, påpeika rådgjevar Audun Øvrebø i Ordkraft.

Rådgjevar Audun Øvrebø i Ordkraft presenterte det første omdømmebarometeret for Hordaland og Bergen.

Undersøkinga er gjennomført av Ordkraft i samarbeid med Oxford Research, Retriever og av Respons Analyse. Meir informasjon om omdømmebarometeret finn du på http://www.omdommebarometeret.no/

Rådgjevar Audun Øvrebø i Ordkraft presenterte det første omdømmebarometeret for Hordaland og Bergen.

Reiseliv og shipping
Nordmenn flest tenkjer på primærnæringane, reiseliv og maritim verksemd når dei vert spurt om kva næringar dei forbind med Hordaland og bergensregionen. Hordalendingane veit i langt større grad enn befolkninga elles om kor omfattande olje- og gasnæring vi har. Regionen er heilt på høgde med hovudstaden når det gjeld inntrykket av kulturtilbodet.

Landet sin befolkning er av den oppfatning at det er flest interessante jobbar i Oslo og Stavangerregionen, mens Trondheimsregionen ligg nokre få prosentpoeng føre Bergensregionen når det gjeld å ha det beste forskingsmiljøet, og vere den beste staden å ta høgare utdanning. Bergensregionen oppfattes som et bedre sted å ta høyere utdanning enn Osloregionen.

- Verken Hordaland eller Bergensregionen skil seg ut i høve til dei regionane vi har samanlikna med. Men regionen har heller ingen område som i sterk grad kjenneteiknar  regionen, slik dei andre regionane har som til dømes oljebyen Stavanger, teknologibyen Trondheim og sommarbyen Kristiansand, påpeika Øvrebø.

Heilt openberre svake punkt i følgje Omdømmebarometeret 2009 er dårleg infrastruktur med elendig vegstandard og dårleg kollektivtilbod. Dette oppfattast endå sterkare av våre eigne innbyggjarar enn landet for øvrig. Også på utdannings- og forskingssida er sjølvbildet svakare enn i befolkninga elles.

- Slutt å klag
- For å få folk til å velje med hjernen og lommeboka er jobbmulegheitane for begge heilt sentralt, påpeika debattleiar Sjur Holsen i si innleiing. Kommentatoren i Bergens Tidende måtte undervegs tola ein del kritikk for avisa sin konfronterande stil i sin regionaldekning.


- Vi er for lite flinke til å selge det vi har, og må slutte med klaginga. Vi må heller jobbe med Stavanger og Trondheim for å skapa ein balanse mot Oslo, oppsummerte finansbyråd Harald Victor Hove i Bergen kommune.

- Bergen er ein fantastisk by, men det er nesten umogleg å kome hit. Byen har eit vanvittig potensiale, men må bli meir inkluderande. Eg saknar ei meir satsing og forsking på den tredje største næringa vår, sa hotelleigar Edmund Utne.

- Næringslivet og det offentlege må bli meir offensive, vi må få betre samarbeid mellom forskings- og utviklingsmiljøa og næringslivet, og vi må våge å ta posisjonen som dei fremste innan miljøteknologi, meinte regionsdirektør Erik M. Throndsen i SpareBank 1 SR-Bank.

Debattleiar Sjur Holsen fekk til ein god debatt med panelet og salen.
Debattleiar Sjur Holsen fekk til ein god debatt med panelet og salen.

- Vi må skapa eit felles bodskap og dyrka fram entreprenørskapen i regione, meiner adm.dir. Asbjørn Algrøy i Business Region Bergen.

Godt grunnlag
Direktør Jan Per Styve i strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune meiner regionen og fylket har eit godt grunnlag for vidare arbeid.

 – Omdømmebarometeret viser at Norges befolkning har eit positivt inntrykk av vår region, vi får høg score på at vi lever det gode liv på Vestlandet. Det er ein viktig føresetnad når nokon skal slå seg ned her, meiner Styve.

I si oppsummering peika han på fem punkt. Regionen har eit stort potensial til å utvikla reiselivet på heilårsbasis, styrking av Bergen sin lokomotivfunksjon for ein sterk region, skapa større utvikling av cluster og innovasjon innan energifeltet, bli meir stolte og aktive brukarar av forskingsmiljøa våre, og vi har eit godt grunnlag for å skapa ein kunnskapsbasert politikkutvikling.

ba.no: Se, men ikke røre
bt.no: Slik er omdømmet vårt
Omdømmebarometeret2009.pdf
Pressemelding Business Region Bergen

Tekst og foto: Simon Sortland 19.10.2009 09:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart