
Nettverksmiddag
Open Days i Brussel har vore arrangert årleg sidan 2003 og har utvikla seg til å bli den viktigaste konferansen for regionar og byar i Europa. Målet er å leggje til rette for utveksling, debatt og nettverksdanning mellom ekspertar og avgjerdstakarar innan europeisk regional- og lokal utvikling, med innspel både frå offentleg og privat sektor.

Arrangementet var ramme for i alt 125 seminar, arbeidsgrupper, debattar og utstillingar med totalt 7 000 deltakarar. 213 regionar og byar frå 33 europeiske land tok aktivt del i arrangementet.
Brei deltaking
Frå Vestlandet deltok politikarar og 24 administrasjonstilsette, ni av desse frå Hordaland fylkeskommune (næringsutvikling, internasjonalt arbeid, innovasjon, kommunesamarbeid, Europakontoret, forsking, klima, helse, AUD). Gruppa frå Hordaland deltok på fleire seminar og fekk ny kunnskap om miljø- og klimasamarbeid, demografiendringar i Europa, døme på vellukka samarbeid mellom private og offentlege aktørar, og om korleis offentlege myndigheiter kan ha ein meir aktiv rolle i regional utvikling og forskningspolitikk.
Stort utbytte
Måndag morgon gjekk vi frå Hordaland fylkeskommune i samla tropp til Vest-Norges Brusselkontor (VNB). Ved den store Shumanrundkjøringa var det tanks, piggtråd og haugevis av politi. Kva var det som skulle skje, spurte vi kvarandre engsteleg. Trygt på plass i Norway House ble vi fortald at dei belgiske bøndene hadde arrangert ein demonstrasjon for å utrykke sin misnøye med mjølkeprisane. Her skulle bildekk brennast og dei hadde samla over 1000 traktorar for å stengje for trafikken; vi synast nok det var spanande med litt ”action” like utanfor døra!
Resten av dagen var vi på introduksjonsseminar på Norway House og høyrte mange interessante foredrag som ga oss eit godt innblikk i nye utviklingstrendar i EU og korleis forholdet mellom EU og Noreg faktisk fungerar. Mellom anna høyrte vi om EUs miljøpolitikk av Den norske EU-delegasjonen sin miljøråd, Knut Kroepelien, og om EUs fiskeripolitikk og Noregs mogleheitar og utfordringar på dette feltet.
Måndag ettermiddag var nokre av oss så heldige at vi hadde fått plass på den høgtidelege Opening Ceremony i EU-Parlamentet, der mellom anna Kommisjonspresident José Manuel Barosso og Parlamentspresident Hans-Gert Pöttering snakka til forsamlinga om EUs framtidsutvikling.
I løpet av dei neste to dagane trur eg vi alle lærte mykje. Vi hadde organisert oss godt, og hadde nok tid mellom workshops. Eg trur ”vinnarane” blant workshopsene, ifølge deltakarane frå Hordaland fylkeskommune, var Vest-Norges Brusselkontor sitt opplegg ”Climate and demographic change: Debating solutions to multiple challenges” på tysdagen, og eit foredrag på onsdagen som heit ”Does geography matter?” der spanende nytenkning i forhold til regional utvikling blei presentert. Sjå nedanfor for lenkje til presentasjonane.

Opening Session var populært
Heila Vestlandsregionen samla
Nettverking høyrar og med når vi er i Brussel og er blant så mange likesinna personar. VNB arrangerte mellom anna middag på ”Le Petit Boxeur” i Brussel sentrum med heile vestlandsgruppa med nettverking som tema. Vi var meir enn 30 personar, med politikarar og sakshandsamar, frå Vestlandsfylka.

Interessante foredrag
Lenkjer:
”Why geography matters”
Til alle presentasjonar
Ta gjerne kontakt med Signe Greve-Isdahl ved Europakontoret om du har spørsmål på 55 23 95 31 eller signe.greve-isdahl@post.hfk.no.
Kva er Open Days?
“Open Days - the European week of cities and regions” starta i 2003 og har utvikla seg til å bli den viktigaste konferansen for regionar og byar i Europa.
Open Days er ein viktig møteplass for internasjonal nettverksbygging og erfaringsutveksling og legg til rett for særs godt fagleg utbytte for sakshandsamarar som arbeider med dei spørsmåla som er aktuelle for arrangementet
Vest-Norges Brusselkontor har vore medarrangør av Open Days sidan 2004.