Fullmakt
Fylkesutvalet har gjeve fylkesrådmannen fullmakt til å akseptera den skisserte finansieringsløysinga dersom det føreligg sikkerheit for skattespørsmålet gjennom bindande førehandsuttale frå Skatt vest.
Eventuelt ekstra fylkesutvalsmøte
Dersom dette ikkje føreligg i løpet av dei nærmaste dagane, vert det innkalla til ekstraordinært fylkesutvalsmøte for behandling av saka, har fylkesutvalet samrøystes vedteke.
Fylkestinget
Fylkestinget gav 13. oktober fylkesutvalet fullmakt til å gjera vedtak om eventuelt å velja N6-alternativet, under føresetnad av at det ligg føre ekstern fullfinansiering av alternativet.
Jondal kommune
Ordføraren i Jondal har i e-post 16. november 2009 stadfesta overfor fylkeskommunen at Jondal kommunestyre i møte same dag (16.11.09) har vedteke å framforhandla ein fusjon mellom Jondal Energi AS og Indre Hardanger Kraftlag AS som grunnlag for nødvendig tilskot til fylkeskommunen for finansiering av N6.
Energi-fusjon
Opplegget inneber – med det atterhaldet at fusjonen mellom Jondal Energi AS og Indre Hardanger Kraftlag AS kan skje skattefritt – at fylkeskommunen vil motta 46,6 mill. kr i tilskot til Jondalstunnelen for å fullfinansiera trasealternativ N6. 6,6 mill. kr av denne summen vil koma som tilskot frå Trond Mohn.
Jondal Energi AS har garantert at fylkeskommunen vil få tilskotet på 40 mill. kr. Det einaste som kan velta dette er skattespørsmålet.
Neste veke
Det er venta at Skatt vest si behandling av saka vil vera klar i neste veke.