- Dette er ein stor merkedag for eit flott prosjekt, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Nye Amalie skram videregåande skole utgjer ca 610 millionar kroner av totalsummen for prosjektet, utanom byggjetomta.
Det er heilt sikkert at Tanks og Lønborg videregående skoler er lukkelege i dag, for no veit de at de skal flytta inn i ein flott ny skule. Med over 900 elevar og 120 tilsette vert dette ein stor arbeidsplass i fylket og i Bergen.
Stort politisk mot
Fylkesordføraren peika på at skulen vil gje tilbod innafor utdanningsprogram for studiespesialisering med særleg vekt på realfag, helse og sosialfag, og utdanningsprogram for idrettsfag med vekt på symjing.
Med 90 elevar på idrettsfag vil det lova godt for rekrutteringa til stupe- og symjeidretten. Selsvold Nyborg framheva også at namnevalet skapar ein identitet og integritet.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og byråd Monica Mæland tok saman dei første spadestikka for nye Amalie Skram videregående skole og hovudanlegg for symje- og stupeanlegg (HSS) på Nygårdstangen måndag 2. november.
- Dette er ei framtidsretta og rett satsing. Eg gratulerar oss alle med ei god framtid, sa fylkesordføraren.
- 50-metersbasseng i Bergen har ei lang og kronglete historie, men i sist veke sa Bystyret i Bergen ja til å bruka ca. 710 millionar kroner til nytt symje- og stupeanlegg. Vi får eit praktfullt bygg, og eit flott anlegg heile Bergen og Hordaland vil nyte godt av. Det er sagt mykje om samarbeidet mellom fylkeskommunen og Bergen kommune, men dette fellesprosjektet til over 1,3 milliardar kroner syner eit godt og rikt samarbeid, sa byråd Monica Mæland.

- Prosjektet Helleren syner eit stort politisk mot, vilje og handlekraft frå fylkeskommunen og Bergen kommune. Difor vert det symbolske spadetaket gjort der skulen og svømmeanlegget deler felles vestibyle, sa dagens konferansier Kjell Aga. Han er direktør i Bergen Kommunale Bygg.
President Per Rune Eknes (t.v) i Norsk Svømmeforbund lova fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og byråd Monica Mæland at dei skal jobba for eit EM i Bergen.
President Per Rune Eknes i Norges Svømmeforbund takka for at ein no endeleg er på siste etappen for det nye stupe- og symjeanlegget. Han lova at dei skal jobba for å få EM til Bergen.

Fellesprosjektet Helleren
Fylkestinget vedtok i desember 2007 ein samarbeidsavtale med Bergen kommune om å byggja ein ny sentrumsnær skule og nytt hovudanlegg for symje- og stupeanlegg (HSS) på Nygårdstangen. Skuledelen fekk det offisielle namnet Amalie Skram videregående skole. Heile bygget vert i prosjektsamanheng kalla Helleren.
Friske tonar frå Bergen Brandkorps Musikkorps.
Prosjektet har eit bruttoareal på ca. 28 500 m2 der skuledelen utgjer ca. 15.850 m2 brutto inkl. idrettshall og 50 prosent av fellesareal. Amalie Skram vidergående skole vil få eit elevtal på 903 elevar og 120 tilsette. Symjeanlegget (HSS) som Bergen kommune er byggherre for, vil få eit bruttoareal på ca. 12 650 m2. Den totale prosjektkostnaden inkludert fellesareal er utrekna til 1.334 mill kroner eksklusiv tomt. Av totalsummen utgjer skuledelen, inkludert andel fellesareal, om lag 613 mill kroner. Dette inkluderer ikkje kjøp av tomt.
Les også:
hordaland.no: Første spadetak for Amalie Skram videregående skole
Bergen kommune: Tok første spadestikk på Nygårdstangen