
Bokbåten fyller 50 år.
Jubileumstur
Bokbåten har vore ute på haustturneen sidan 5. november og langs heile ruta blir 50årsjubileet for bokbåttenesta feira. Det er kake, blomer, flagg og stor stemning der båten leggjer til kai!
Les om 17.maistemninga på Åsgard stopp i Lindås:
Søndag 8. november
Kl 16.50 er bokbåten på veg inn til Åsgard. Små lys kjem fram i mørket. Lysa blir sterkare etter kvart som båten nærmar seg land. Der står 70 små og store med stjerneskot og flagg og ventar på 50årsjubilanten! Vegen ned til kaia er pynta med faklar og ballongar. "Epos" hilser med å tute, og folk roper "Hipp hurra for bokbåten!". Døra blir opna, bibliotekarane går ut og får alle med på å syngje bursdagssongen. Det blinker i blitzlamper. To lokalavisar er på plass.
Song til bokbåten
Om bord er det klart for forteljarstund med Sissel Horndal. Ho fortel om sauen som spring frå jerven i "Himmelspringaren". Dei sytti tilhøyrarane er stille, og det er kun lysa frå lerrettet med bilda frå forteljinga som lyser opp biblioteket. Etter applausen vil Anna Mariell på 11 år syngje ein song heilt aleine, før alle stemmer i på Songen til bokbåten, skriven av bokbåtkontakt Agathe Gausereidet.
Kakefest!
I salongen står no heimebakte kaker, ei diger marsipankake, kaffi og brus klar til gjestane. Bokbåtkontakten og naboana har stelt i stand. Ungane spring opp først, dei vaksne etter. Lystig kakespising over heile båten går godt i hop med låning og bokprat. Dei minste spring kring billedbokkassane midt i biblioteket. Dei vaksne går rundt og plukkar med seg bøker. Bibliotekarane tryllar fram eit og anna ønskje, og fyller opp i kassane som skal utgjere minibiblioteket på land til neste gong bokbåten kjem.
”Jasså, er du også på bokbåten og låner bøker?” seier ein med overraska stemme til ein annan som går rundt og prater livleg med mange kjentfolk. ”Bøker nei, eg høyrde det var kake å få om bord!”. Biblioteket som møtestad er ei viktig oppgåve, også på bokbåten!
Bursdagsballongar til alle!
Born og vaksne går i land med tunge bokbåtposar, lasta med bøker. På kaia står kapteinen og deler ut ein blå ”Epos”-ballong til kvar. For ei glede! Frå båten kan ein sjå folk vandra heimover med posar og ballongar i nevane.
Jubileum heilt til 27. november
Fredag 13. november får barnehagar i Bergen oppleve eit besøk på bokbåten og forteljinga ”Himmelspringaren” av Sissel Horndal.
Fredag kveld er det duka for jubileumskveld for inviterte gjestar.
Etter den opne dagen i Bergen 14. november går jubileumsturen vidare sør i fylket frå 15. november, heilt fram til 27. november. Meir kake, meir flagg og bursdagsstas er i vente. I neste veke kjem også Magasinet Dagbladet om bord for å lage sak.
Meir om Bokbåten

Bokbåten fyller 50 år