Gratis leksehjelp

I samband med oppslag i pressen om leksehjelp i vidaregåande skole dei siste dagane, vil Hordaland fylkeskommune med dette gjere merksam på at vi i samarbeid med Røde Kors og Elevorganisasjonen har hatt tilbod om leksehjelp fleire stadar i fylket i meir e

Tilbod om gratis leksehjelp vert gitt av Røde Kors tre dagar i veka ved Biblioteket i Bergen og Røde-Korshuset i Bergen.
Interessa for tiltaket har vore så stor at det frå neste år vert gitt tilbod fire dagar. No er det om lag 150 elevar som nyttar tilbodet kvar veke.

Leksehjelp som fadderordning
Sist helg vedtok Elevorganisasjonen i Hordaland at fadderordning skal nyttast som eit viktig hjelpemiddel mot fråfall i vidaregåande skole. Ein av modellane som vert nytta, er leksegrupper, der elevrådet i samarbeid med Røde Kors og skolen samlast på skolen etter skoletid. Dette tilbodet er i gang på Stord,  Olsvikåsen og på Askøy, og startar snart ved Fana, Øystese, Odda og på Voss.

Petter de Presno Borthen 19.11.2009 15:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart