Dette går fram av fylkesutvalet sitt tilråding i saka om handlingsprogram 2010-2013(19) for fylkesvegnettet i Hordaland.
Tilrådinga frå fylkesutvalet er identisk med forslaget til handlingsprogram som fylkesrådmannen har lagt fram, med følgjande tillegg: «Fylkestinget føreset at det delfinansierte prosjektet på Rv 563 Florvåg-Erdal kan fullførast i løpet av planperioden 2010-19.»
Programmet skal vedtakast av fylkestinget 8.-9. desember.
Framlegg til handlingsprogram 2010-2013 for fylkesvegnettet i Hordaland, saksdokument(pdf-fil)
Handlingsprogram for fylkesvegnettet i Hordaland 2010-2013(19) (pdf-fil)
Tabell over samla investeringar 2010-2013(pdf-fil)
Ein stor del av dei tilgjengelege midlane i den første fireårsperioden (2010-13) er bundne opp i allereie oppstarta og førehandsprioriterte prosjekt. Dei store utgiftspostane er knytte til finansiering av Jondalstunnelen, vidare finansiering av Bergensprogrammet, refusjon av forskotteringar og ferdigstilling av prosjekt på det gamle riksvegnettet som skulle ha vore ferdigstilt i perioden 2006-2009.
Stikkord
Sentrale stikkord for satsinga på fylkesvegnettet i Hordaland i perioden 2010-2013 er:
· Oppfylling av eksisterande forpliktingar og ferdigstilling av påbegynte prosjekt
· Sterk satsing på vidareføring av Bergensprogrammet i samarbeid med Bergen kommune, inkludert ein auke i satsinga på programområde (sekkepostar) med 50 %
· Vidareføring av 2009-nivået i satsinga på ferjedrifta
· Oppstart av fem nye, strekningsvise investeringsprosjekt med til saman 133 mill kroner i fylkeskommunale midlar
· Ein auke på om lag 15 % til drift og vedlikehald på vegnettet i høve til 2009
· Ein auke i satsinga på programområda (sekkepostane) utanfor Bergen i høve til perioden 2006-2009
· Fokus på å ta vare på heile fylkesvegnettet, både dei ”gamle” og ”nye” fylkesvegane
· Oppretting av ein ”til rådvelde”-post som skal ta vare på moglegheiter for mindre spleiselag etter lokale initiativ
Auka rammer
På bakgrunn av høyringsrunden går fylkesutvalet inn for ein auke i investeringsrammene med vel 80 mill kroner i første fireårsperiode. I siste seksårsperiode er det lagt opp til ein auke som gir om lag 150 mill kroner per år i friske midlar. Opplegget som no er presentert med omsyn til økonomiske rammer for siste seksårsperiode, opnar for at fylkeskommunen og vil kunne vera med å finansiere større prosjekt/pakkar med anna finansiering.
Meir til Bergensprogrammet
I tillegg til endringane over, er det lagt inn ein ekstraordinær auke til Bergensprogrammet på 40 mill kroner over sekkepostane i åra 2011-2012. Dette er lagt inn for å sikra finansiering av oppgradering/modernisering av Busstasjonen. Frå 2013 vert det lagt opp til ei tilsvarande nedjustering av fylkeskommunale midlar og ramme til sekkeposttiltak.
Nytt forskotteringsregime
I handlingsprogrammet vert også eit forslag til nytt forskotteringsregime presentert. Det vert foreslått ei deling mellom ordinære og prioriterte forskotteringsprosjekt. Ordinære forskotteringsprosjekt vil følgje praksis for handsaming av dagens forskotteringssøknader på fylkesvegnettet, med eit tak på maksimal forskotteringssum på 15 mill. kroner. Det vert samtidig opna for prioriterte forskotteringar av prosjekt som ligg inne i gjeldande handlingsprogramperiode. Det vil ikkje vera noko tak på forskotteringssum for dei prioriterte prosjekta.