Avtalane er med desse organisasjonane:
- Hordaland Idrettskrets
- Bergen Turlag
- Bergen og Omland friluftsråd
- Friluftsrådet Vest
- Nasjonalforeningen for folkehelse
Partnarskapet for folkehelse i Hordaland har frå før avtalar med sju kommunar. Avtalane med dei frivillige organisasjonane vart markert under fylkeskonferansen for kultur og idrett på Kokstad 4. november. Fylkesordføraren delte ut avtalar og blomster.

SAMARBEIDSPARTAR: Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg saman med representantar for dei fem frivillige organisasjonane fylkeskommunen har inngått partnarskapsavtale om folkehelse med. Vidare frå venstre: Oddvar J. Jensen (Hordaland idrettskrets), Astrid Larsen (Friluftsrådet vest), Børge Brundtland (Bergen turlag), Åge Landro (Bergen og omland friluftsråd) og Gro Gundegjerde (Nasjonalforeningen for folkehelse).
Utvida oppgåve
Forvaltingsreforma frå 1. januar 2010 gjev fylkeskommunen ei sentral rolle i folkehelsearbeidet gjennom ansvaret for regional planlegging, som regional utviklar og som rettleiar.
Koordinerer
Hordaland fylkeskommune skal koordinera arbeidet med å fremja folkehelsa i fylket. – Det overordna målet med folkehelsearbeidet er at folk skal få fleire leveår med god helse og å redusera helseforskjellar, sa fylkesordføraren ved markeringa.
Fylkesordføraren trekte fram at primær- og spesialisthelsetenesta først og fremst er retta mot å reparera – når folk har vorte sjuke. Folkehelsearbeidet handlar om å førebyggja, påverka og hjelpa folk til å leva sunt i kvardagen så me held oss friske, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Samarbeid
– Men me kan ikkje gjera jobben åleine. I tillegg til kommunar ynskjer me samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Eg er svært glad for at me i denne omgang får med oss fem viktige samarbeidspartar, sa fylkesordføraren.
– Desse organisasjonane gjer alt ein kjempejobb for folkehelsa i Hordaland. Dei står for helsefremjande og førebyggjande tiltak for innbyggjarane kvar dag, dei har stor kontaktflate og har mykje å bidra med i partnarskapet.
Satsingsområda
I folkehelsearbeidet er dette satsingsområda:
- Fysisk aktivitet og friluftsliv
- Psykisk helse
- Kosthald
- Rusmiddel
- Universell utforming
Meir om folkehelsearbeidet i Hordaland