
- Her har du mange flotte brosjyrar du kan lesa, oppmuntra møteleiar Arild Sondre Sekse då han takka Kvamme for innlegget hennar.
Tysdag 3. november arrangerte Europakontoret i samband med Bufdir ein konferanse om ungdomsinformasjon. Der var ungdomane sin tale klar; det er berre Facebook og sms som når fram til dei. I juli reiste 12 ungdomar frå Bergen til Perugia i Italia for å delta på eit Aktiv Ungdom-prosjekt i regi av Europakontoret.
Tema for prosjektet var ulike måtar ungdom kan kommunisere på. Eivind Nilsen og Espen Faugstad, som driv produksjonsselskapet Bildevisjon AS, fekk i oppgåve å dokumentere Italia-turen og vise korleis ungdomar kan dra nytte av Europakontoret sine tenester.
- De finn oss på Facebook
-Skal de nå ut med informasjon til oss unge må de møte oss der vi er, på Facebook eller ved ein SMS. Vanlege, kjedelege brosjyrar bryr vi oss ikkje om, understreka leiar Synnøve Kvamme i Granvin Ungdomsråd på Ungdomskonferansen.

- Europakontoret var alt i gang med å lage si eiga Facebook-side. Vi treng eit betre informasjonstilbod til dei unge brukarane av EU-programma Leonardo da Vinci og Aktiv Ungdom, seier ungdomsengasjerte og Aktiv Ungdom-ekspert Barbara Harterink frå Europakontoret.
- Skal de nå oss med informasjon må de møta oss der vi er, og det er på Facebook og SMS, påpeika leiar Synnøve Kvamme i Granvin Ungdomsråd.
Facebook-sida skal hovudsakleg brukast til å nå ut til ungdomen med informasjon om mulegheiter innan Aktiv Ungdom- og Leonardoprosjekt, komande fristar, reisebrev og anna aktuell informasjon.
Sjå på Europakontoret si side på Facebook. Du må vere registrert på Facebook for å sjå den. Om du ønskjer å ta imot slike oppdateringar, er det berre ”å bli venn med” Europakontoret på Facebook!
Infofilm for ungdom
I juli reiste 12 ungdomar frå Bergen til Perugia i Italia for å delta på eit Aktiv Ungdom-prosjekt. Reisa var organisert av Europakontoret. Tema for prosjektet var ulike måtar ungdom kan kommunisere på.
To av dei som reiste var Eivind Nilsen og Espen Faugstad som saman driver produksjonsselskapet Bildevisjon AS. Dei vann blant anna den gjeve Publikumsprisen samt prisen for Beste Nykommarar under årets BIFF med dokumentaren ”Bring children from streets”.
Espen og Eivind fekk i oppgåve å dokumentere Italia-turen og vise korleis ungdomar kan dra nytte av Europakontoret sine tenester. Filmen skal brukast i marknadsføringa av Europakontoret sine tenester, og er båe informativ, underhaldande og gir ei god skildring av eit typisk Aktiv Ungdom prosjekt.
Europakontoret er svært fornøgd med resultatet, som vart vist fram for fyste gong på den mykje omtalte ”Ungdomsinformasjonskonferansen” på SAS Hotell Bryggen 3. november. Ein kortversjon av filmen er lagt ut på Europakontoret si Facebook side.
Sjå filmen på youtube her
Fleire av dei som reiste til Italia var arrangørar for den nye festivalen ”Ung Film” i Bergen. Perugia-prosjektet inspirerte dei til å gje ”Ung Film” ein internasjonal dimensjon. Festivalen vart vellukka gjennomført i oktober i år, og er den fyrste av eit no årleg arrangement.
FAKTA EUROPAKONTORET:
* Europakontoret har eksistert sidan 1996 og består i dag av 6 ekspertar innan ulike EU-program.
* Har fått omlag 20 millionar kroner frå EU til aktivitet innan Leonardo-programmet og 10 millionar til Aktiv Ungdom prosjekt.
* Europakontoret er nasjonalt kontaktpunkt for Interreg IVB Nordsjøprogrammet.
Det er Europakontoret som la grunnlaget for HFK sitt gode samarbeid med vår uoffisielle partnarregion, Thüringen i Tyskland.
* Europakontoret er den einaste ekspertgruppa av sitt slag i Noreg, og gjennom hjelp til deltaking i EU-program bidrar vi til auka internasjonal fagkompetanse, språkkunnskapar og interkulturell forståing innan næringslivet og offentleg sektor i Hordaland.