Europakontoret er på Facebook

Tysdag 3. november arrangerte Europakontoret i samband med Bufdir ein konferanse om ungdomsinformasjon. Der var ungdomane sin tale klar; det er berre Facebook og sms som når fram til dei.

- Europakontoret var alt i gang med å lage si eiga Facebook-side. Vi treng eit betre informasjonstilbod til dei unge brukarane av EU-programma Leonardo da Vinci og Aktiv Ungdom, seier ungdomsengasjerte og Aktiv Ungdom-ekspert Barbara Harterink frå Europakontoret.

Facebook-sida skal hovudsakleg brukast til å nå ut til ungdomen med informasjon om mulegheiter innan Aktiv Ungdom- og Leonardoprosjekt, komande fristar, reisebrev og anna aktuell informasjon.

Sjå på Europakontoret si side på Facebook. Du må vere registrert på Facebook for å sjå den. Om du ønskjer å ta imot slike oppdateringar, er det berre ”å bli venn med” Europakontoret på Facebook!

Meir om Ungdomsinformasjonskonferansen

Signe Greve Isdahl 13.11.2009 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart