
Abid Raja kjent norsk advokat og politikar har arrangert dialogkonferansar med stor suksess for å skape eit inkluderande samfunn i Noreg. I bakgrunnen klappar fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Eit verdig liv i Noreg
Den 8. konferansen om eit fleirkulturelt samfunn gjekk av stabelen på Hotel Norge i Bergen 5. og 6. november og samla rundt 140 personar. Tema for konferansen var eit verdig liv i Noreg. Abid Raja har engasjert seg sterkt i inkluderingsdebatten og reflekterte på konferansen over kva som må til for å få eit inkluderande samfunn. Nøkkelordet for han er dialog.
Opptøyar
Raja viste til krigen i Gaza i fjor som utløyste store opptøyar i Oslo der unge minoritetsspråklege som er fødd og oppvaksen her i landet kasta brannbomber og murstein.
Frå ekstreme ord til ekstreme handlingar
– Ingen muslimar vil seie at dei hatar jødar. Dei hatar politikken til Israel, men under desse opptøyane sto unge gutar fram og ropte ”død over jødar” på arabisk. Heile Noreg fekk stadfesta at jødar er utsette for eit hat. Det skal ikkje så mykje til for å gå frå ekstreme ord til ekstreme handlingar. Vi såg dette 7. juli 2005 i London. Unge innvandrarar, oppvaksne i England, sprengde seg i lufta på undergrunnsbana. Dei ville ofre livet sitt for ei sak som var større enn dei sjølve. Dette skjedde i England og kan også skje her i landet. Derfor er det viktig med dialogmøte, sa Raja.
Undertrykte og frustrerte
Etter opptøyane i Oslo i fjor tok Abid Raja initiativ til dialogmøte.
– På det første dialogmøtet kom ungdom som hadde kasta stein og brannbomber, politikarar, byrådsleiinga, journalistar og sjefredaktørane i Aftenposten og Dagbladet. I byrjinga torde ingen å stå fram og seie at dei hadde kasta stein, men dei var frustrerte. Dei er frustrerte over at dei er undertrykte heime, dei er ikkje med på å bestemme. Dei tek ut frustrasjonen med å kaste stein. Til slutt sto to fram og vedgjekk at dei hadde kasta stein. Dei sa at dei skulle kaste stein igjen, men då dialogmøtet var over sa dei at dei ikkje skulle kaste stein. Dei hadde fått ut frustrasjonen i dialogmøtet, sa Raja.
Vi vil ha endringar
Etter dette har Raja arrangert fleire dialogmøte mellom anna om bruk av hijab, om hatet mot minoritetsspråklege og om kvinneundertrykking.
– Det er endringar vi vil ha. Dei som er fødde og oppvaksne i Noreg har eit heilt anna syn enn førstegenerasjons innvandrarar som flytta hit. Eg har tru på ein direkte dialog. Vi må ha ein arena der vi kan reflektere. Dette kan føre til endringar, sa Abid Raja som er fødd og oppvaksen i Noreg med røter frå Pakistan.
Meir om konferansen
Heimesidene til Hordalandsmodellen