
- Skal de nå oss med informasjon må de møta oss der vi er, og det er på Facebook og SMS, påpeika leiar Synnøve Kvamme i Granvin Ungdomsråd.
Ungdomane gav klåre og tydelege råd til tilsette i det offentlege om korleis dei kan nå ungdomen med informasjon under konferansen ”Informasjon gir ungdom mulegheiter” i Bergen 3. november. Kring 80 deltakarar frå heile Vestlandet og Telemark deltok på Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Hordaland fylkeskommune sin store ungdomskonferanse på SAS Royal Hotel Bryggen tysdag. Tema var korleis informasjonsarbeidet retta mot ungdom kan etablerast, gjennomførast og styrkast i kommunane.
- Må på Facebook
Etter eit fortryllande magishow med sexy dans av 15-åringane Thomas Fonnes og Mats Skjerve frå Austrheim, understreka leiar Synnøve Kvamme i Granvin Ungdomsråd verdien av god ungdomsinformasjon.

- På skulen finn vi mange brosjyrer om utdanning or yrker og slike ting. De er kjedelege og uinteressante. Skal de nå oss med informasjon må de møta oss der vi er, og det er på Facebook og SMS, påpeika Kvamme.
Leiar i Ungdomens fylkesutval, Eva Vik, supplerte med at ungdomen og kan treffast på skulen og i fritidsaktivitetane. – Ungdom snakkar med andre ungdomar. Bruk ungdomen til å informera ungdomen. I elev- og ungdomsråda sit det mange flinke og engasjerte ungdomar, bruk dei i informasjonsarbeidet, oppfordra Vik.
15-åringane Thomas Fonnes og Mats Skjerve frå Austrheim satte konferansedeltakarane i den rette stemningamed sitt trylleshow.
- Bergen kommune hadde store utfordringar med å nå ut med informasjon til ungdomen. Kommunen sine heimesider verka lite tiltalende for ungdom. Nokre av tiltaka vi har sett i verk er å bruke ungdomen sjølv som informantar gjennom Kulturungdsomsråd. Kommunen la ut SIGNATUR på Facebook i 2006 og ei eiga heimeside for prosjektet Ung09. Ung 09 er et Signaturprosjekt som handlar om ungdom og digitale kunst og kulturuttrykk, fortalde mellom anna kultursjef Emil Matthiessen ved Fyllingsdalen og Laksevåg kulturkontor.

Satsingsområde
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) arrangerer konferansane ”Informasjon gir ungdom mulegheiter” i Bergen, Tromsø og Kongsvinger i løpet av hausten 2009 og vert fulgt opp med to til i 2010. Kommunikasjonsdirektør Ingrid Pelin Berg i Bufdir tok for seg unge sin rett til å bli høyrt og krav til å få informasjon om sine rettar og muligheiter. Ho peika på at dette er nedfelt både i barnekonvensjonen og i norsk lov.
- Ungdom er ei veldig viktig og spesiell målgruppe sidan dei står på terskelen til å ta veldig viktige avgjerder i liva sine. Vi må nå dei med informasjon om deira rettar og muligheiter på deira eigne arenaer, slik at dei kan bli kompetente aktørar med kontroll over sine eigne liv, sa Pelin Berg.
Kommunikasjonsdirektør Ingrid Pelin Berg i Bufdir var oppteken av at ungdom er ei spesiell gruppe ein skal kommunisere med på deira eigne premisser.
Medieforsker Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF IKT tok for seg mulegheiter og utfordringar ved ungdom sin delingskultur i nye medier. Hovudbodskapen hans er at vi går frå einvegs- til massekommunikasjon, frå passive mottakarar av informasjon til aktive bidragsytarar og deling av informasjon.
Den nye delingskulturen
- Vi er inne i eit paradigmeskifte i informasjons- og tenesteproduksjon, understreka Brandtzæg. Vi går frå passiv konsument til aktiv produsent, der ein produserer sin eigen underholdning, info og kunnskap. Innhald og tenester vert eit resultat av kollektive samskapingsprosesser. Difor må det offentlege opne opp for denne delingskulturen, meiner medieforskeren.

- Dei unge er kravstore og forlangar openheit. Hovudutfordringen vert å ta dette paradigmeskiftet på alvor, der tidlegare passive konsumenter av ferdigtygd info og tenester blir aktive innovatører og produsenter. Med andre ord konsumenter av det dei sjølv produserer. Men, avrunda Brandtzæg, vi må gje det offentelege lov til å feile.
- Det offentlege må opne opp for denne nye delingskulturen, meiner medieforsker Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF IKT.
Spennande workshops
Deltakarane fekk også høve til å delta på to workshops og kunne velja mellom fire tema. Det var Til stades der ungdom er ved Tone Jørgensen og prosjektleiar Arve Howlid i UngInfo Vestfold, Korleis nå ungdom via sosiale medier ved PR-byrået Colt kommunikasjon, Web og strategisk arbeid ved service- og kommunikasjonssjef Lars Gillund i Kongsvinger kommune og Etablering av ungdomsportalen UNGweb ved prosjektleiar Anna Tokle Amundsen i Ung i Møre og Romsdal fylke.

- Dette har vore ein nyttig og spennande konferanse som gir oss ein del utfordringar å jobba vidare med, avrunda møteleiar Arild Sondre Sekse i Hordaland fylkeskommune.
- Her har du mange flotte brosjyrar du kan lesa, oppmuntra møteleiar Arild Sondre Sekse då han takka Kvamme for innlegget hennar.
ba.no: Ut med brosjyrer, inn med Facebook
ba.no: De unges kanal
Føredraga:
Verdien av god ungdomsinformasjonTekst.pdf
Verdien av god ungdomsinformasjonBilete.pdf ved leiar for Granvin ungdomsråd Synnøve Kvamme
Ungdomsråd og ungdomsinformasjon.pdf ved leiar for Ungdommens fylkesutval Eva Vik
Gode døme på ungdomsinformasjon frå Bergen kommune.pdf ved kultursjef Emil Matthiessen, Fyllingsdalen og Laksevåg kulturkontor
Satsing på ungdomsinformasjonFilm.wmv Satsing på ungdomsinformasjon.pdf ved kommunikasjonsdirektør Ingrid Pelin Berg i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Film: I sofakroken (Bufdir)
Film: Aktiv Ungdom i Italia (Bildevisjon)
Ungdom sin delingskultur i nye medier - mulegheiter og utfrodringar.pdf ved Petter Bae Brandtzæg, medieforsker ved SINTEF IKT
Workshops:
Deltakarane på workshopen "Etablering av ungdomsportalen UNGweb" fekk ei spennande innføring av prosjektleiar Anna Tokle Amundsen i Ung i Møre og Romsdal fylke.
Etablering av ungdomsportalen Ungweb.pdf ved prosjektleiar Anna Tokle Amundsen i Ung i Møre og Romsdal fylke
Korleis nå ungdom via sosiale medier.pdf ved PR-byrået Colt kommunikasjon
Tilstades der ungdom er.pdf ved Tone Jørgensen og prosjektleiar Arve Howlid i UngInfo Vestfold
Web og strategisk arbeid.pdf ved service- og kommunikasjonssjef Lars Gillund i Kongsvinger kommune