Vil etablera vestlandsk forskingsregion

Hordaland fylkeskommune ønskjer å etablera ein forskingsfondregion for Vestlandet saman med Sogn og Fjordane og Rogaland.

Som del av forvaltningsreforma har Stortinget frå 2010 vedteke å oppretta 5-7 regionale forskingsfond. I planlegging av desse har Kunnskapsdepartementet bede fylkeskommunane føreslå kven dei vil samarbeida med om denne oppgåva. Etter drøftingar mellom fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har ei arbeidsgruppe med representantar frå dei tre fylkeskommunane vurdert grunnlaget for at desse fylkeskommunane går saman i ein forskingsfondregion, og gjeve ei positiv tilråding om slikt samarbeid. Fylkesutvalet i Hordaland rår til at fylkestinget skal slutta seg til denne tilrådinga.

Fylkestinget skal handsama saka 18. mars.

Pressemelding om andre saker i fylkesutvalet 12.mars 2009

Stanley Hauge 12.03.2009 16:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart