Vellukka kopleri på Grow 09

- Vårt mål er å skapa ein møteplass for folk med ei glødande tru på at deira forretningside også vil forbetra verda. Det var bodskapen frå grunnleggjar av The Hub World, Jonathan Robinson. Han var ein av fleire dyktige føredragshaldarar på Grow 09-arrange

Debattleiar Per Jon Odeen utfordra paneldeltakarane under Bergen Teknologioverføring sitt seminar om samarbeidet mellom forskingsinstitusjonar og næringslivet i Bergen. I panelet sat Sigmund Grønmo (rektor UiB), rektorkandidat Rolf Reed (UiB), Marit Warncke (Bergen Næringsråd),
Arvid Nøttvedt (direktør CMR AS), Asle Lygre (Partner Idevekst AS) og Petter Bjørstad (professor Matematisk institutt, UiB).

- Vi er godt fornøgd med arrangementet, seier kommunikasjonssjef Tone Hartvedt i Business Region Bergen. Dei vidarefører no initiativet til Grow som først vart teke i 2006 med bakgrunn i Regional utviklingsplan for Hordaland, Bergensscenarier 2020 og Strategisk næringsplan for Bergen kommune.

- Det var mange interessante føredrag, gode workshops og mange mennesker frå ulike miljø fekk høve til å snakka saman. Å kopla det offentlege, forsknings- og utviklingsmiljøene samt næringslivet er eitt av føremåla til Grow. I etterkant av konferansen skal arrangementet sjølvsagt evaluerast, og så må vi vurdera om det er ting vi ønskjer å utvikla til neste gang, seier Hartvedt.

Sosialt entreprenørskap
- Å bringe saman dei mest usannsynlege menneske og idear for å få det umoglege til å skje. Menneske som ser nye moglegheiter, som trur at det umoglege er mogleg, og tek saka i eigne hender er det vi ønskjer å inspirere og støtte. Som møtet mellom den israelske og palestinske bloggaren som skapte ein møtestad for meiningsutveksling mellom partane i ein eskalerande konflikt, fortalde grunnleggjar Jonathan Robinson.

The Hub World er ein ny arena som kombinerer det beste frå eit arbeidsfellesskap, produksjonslokale, verkstadar, ein hyggeleg kafe og møterom. Vi oppmuntrar og tilbyr drahjelp for nye og uvante businessmodellar for å få satt dei ut i livet, forklarte Robinson.

Ideen har spreidd seg frå London til over 14 byer på fire kontinent. Å etablere The Hub Bergen er Silje Grastveit, utdannet KaosPIlot frå Danmark, sin store draum. Grastveit fortalde om visjonen og status for arbeidet med etableringa av eit internasjonalt kraftsenter for sosial innovasjon i Bergen.

Silje Grastveit jobbar med å realisere sin visjon om eit internasjonalt kraftsenter for sosial innovasjon med The Hub Bergen.

Grow09 i media:
ba.no: Like før bilen logger seg på internett
Computerworld: Grow skaper vekst i Bergen
På høyden: Vil styrke innovasjon i Bergen
Maritime and energy.com: Grow`09 - kobler næringsliv og forskning i konkrete FoU-prosjekter

Andre linkar:
ITS Norway

Tekst og foto: Simon Sortland 27.03.2009 13:36
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart