Trainee-stilling ledig i fylkeskommunen

Hordaland fylkeskommune tilbyr i år ei trainee-stilling i fylkesadministrasjonen. Søknadsfristen er 31. mars 2009. - Vi vil oppmuntra bedrifter til å prøva kunnskap dei tidligare ikkje har erfaring med, seier Eivind Olsvik, prosjektleiar i Trainee Vest.

Trainee-stillinga i fylkeskommunen vil vera knytt til samferdselsavdelinga og strategi- og næringsavdelinga for ein periode for til saman 12 månader.

Trainee Vest
Fylkeskommunen tilbyr stillinga gjennom Trainee Vest som er inne i sitt andre driftsår.- Eitt av måla våre er å oppmuntra bedrifter til å prøva kunnskap dei tidligare ikkje har erfaring med, seier Eivind Olsvik, prosjektleiar i Trainee Vest. Trainee Vest tilbyr spennande stillingar til nyutdanna på jakt etter ein toppjobb i bergensregionen. Det første kullet er godt i gang hos dei første traineebedriftene.

Spennende karrierestart
Trainee Vest er eit regionalt traineeprogram drive av Karrieresenteret i Bergen og har som mål å bidra til å auka rekrutteringa av topp motiverte nyutdanna til bedrifter i bergensregionen.
I alt ni stillingar er ledige med søknadsfrist 31.mars. Oppstart er hausten 2009. Alle nyutdanna med inntil eitt års relevant praksis kan søkja og Trainee Vest er på jakt etter ulike typar høgare utdanning.

- Eitt av måla våre er å oppmuntra bedrifter til å prøva kunnskap dei tidligare ikkje har erfaring med, seier Eivind Olsvik, prosjektleiar i Trainee Vest.

Framtidas arbeidsliv
Hausten 2008 starta det første kullet i Trainee Vest.

– Det er lik fordeling av unge kvinner og menn, ulik fagbakgrunn og vi har traineer med ikkje vestlig bakgrunn. Eitt av måla våre er å oppmuntra bedrifter til å prøva kunnskap dei tidligare ikkje har erfaring med, seier Eivind Olsvik, prosjektleiar i Trainee Vest.

Fakta:
• Trainee Vest vert drive av Karrieresenteret (Studentsamskipnaden i Bergen)
• Medlemsbedrifter: mediehuset Bergens Tidende, kraftselskapet BKK, renovasjonsselskapet BIR, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, Hordaland fylkeskommune, Flytt til Hardanger, Tide AS, SNU AS, Hjeltnes Gartnarskule, Sauda Kommune og Helse Bergen
• Trainee Vest er  ansvarleg for utviklingsprogrammet som følgjer kandidatane i dei 12 månadene traineeperioden varer.
• Hordaland fylkeskommune og Sparebanken Vest er økonomiske støttespelarar
• Meir informasjon på www.traineevest.no

For meir informasjon kontakt:

Eivind Olsvik, prosjektleiar Trainee Vest
Tlf: 55 54 52 57 / 988 43 974
E-post: eivind.olsvik@sib.no

Stanley Hauge 26.03.2009 11:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart