Tilrår Bømlopakke til 1 milliard kr

Hordaland fylkesting har godkjent revidert bompengesøknad for Bømlopakken, og går inn for at bompengedelen vert utvida frå maksimalt 313 mill.kr (2005 kr) til 642 mill.kr. (2009 kr.).

Vedtaket er gjort med 37 (Ap, H, KrF, Sp, V) mot 20 (Frp, SV, Raudt) røyster.

Kostnadsramma for Bømlopakka har auka frå 595 mill. 2005 kr til 1003 mill. 2009-kr. Det vert lagt opp til å utvida bompengeperioden frå 10 år til 15 år. Det er ingen endringar i takstar og rabattar i høve til opphaveleg bompengesøknad.

Fylkestinget viser til sitt tidlegare vedtak om bompengepakken frå 13.6.2007, og vil prioritera dei statlege midlane i finansieringsplanen innanfor ramma for det nye fylkesvegnettet frå 2010. I tillegg kjem prioriteringa innanfor ramma av dagens fylkesvegnett.

Fylkestinget har godkjent at det vert etablert eit bompengeselskap for Bømlopakken der fylkeskommunen  har eigarmajoritet og fleirtal i styret. Fylkesutvalet får fullmakt til å teikna aksjar i selskapet og oppnemna styremedlemmar for fylkeskommunen. 

Hordaland fylkeskommune skal gje sjølvskuldargaranti på inntil 350 mill. kr. til lån, som bompengeselskapet tek opp til delvis finansiering av Bømlopakken. Garantien gjeld i inntil 15 år. Fylkeskommunen kan krevja pant i retten til å krevja inn bompengar.

Stanley Hauge 20.03.2009 07:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart