Pc-ar for 34 mill kr til elevar i Hordaland

Om lag 7000 elevar som byrjar i vidaregåande skule i Hordaland i august får eigen berbar PC. Hordaland fylkeskommune har inngått avtale med Atea AS om levering av Pc-ar for 34 millionar kroner.

Digital kompetanse
Dette er tredje året på rad elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland får eigen berbar PC.  Fylkeskommunen satsar på digital kompetanse. Målet er at Hordaland skal vere mellom dei leiande utdannings- og kompetansefylka i landet.

Eigendel
Elevane må betale ein eigendel på 800 kroner det første året på skulen og 800 kroner det andre året, totalt 1600 kroner i eigendel. Elevar på media og kommunikasjon får ein kraftigare PC og må også betale 800 kroner det tredje året, total 2400 kroner i eigendel.

Digitale læremiddel
Pc-ane blir også denne gongen levert av Atea, tidlegare Ementor. Leveringa skjer ved skulestart i august. Med dette får alle elevane i den vidaregåande skulen i Hordaland eigen berbar PC, tilgang til digitale læremiddel og den digitale læringsplattforma It’s learning.

Bjarte Brask Eriksen 24.03.2009 15:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart