Litt færre søkjarar til vidaregåande i Hordaland

Totalt har det meldt seg 18 239 søkjarar til dei offentlege vidaregåande skulane i Hordaland til skuleåret 2009-10. Dette er ein nedgang på 408 søkjarar frå 2008. Tal søkjarar til Vg2 og Vg3 går litt ned, medan søkjartalet til Vg1 er stabilt. Talet på søk

Dette viser prognoseinntaket som Hordaland fylkeskommune har klart pr. 16. mars 2009.

Auke i tal elevplassar
Talet på tilgjengelege elevplassar komande skuleår er på 18 308 som er ca. 120 fleire enn i år. Etter justeringar i inntaksperioden er det venta at samla tal elevplassar vert litt lågare komande skuleår enn i det noverande. 

Stabilt for studiespesialiserande, nedgang for yrkesfag Vg2 og Vg3
Til Studiespesialiserande utdanningsprogram er søkjartalet omtrent det same som i fjor. Det er særleg dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i Vg2 og Vg3 som har lågare søkjartal.

Stabilt søkjartal
Det samla søkjartalet til Vg1 er på 7 664 for neste skuleår mot 7 608 i fjor. I hovudsak er det svært stabilt søkjartal til dei ulike udanningsprogramma på Vg1. Når det berre er eitt utdanningsprogram som har endring på meir enn 100 søkjarar frå 2007, er dette nesten oppsiktsvekkande stabilt når ein har over 7600 søkjarar og 12 ordinære utdanningsprogram.
Færre søkjer byggfag, stabilt for elektro
Størst endring er det for bygg- og anleggsteknikk der 416 søkjer Vg1 mot 520 i fjor. Til Vg2 på dette programområdet er det nedgang frå 494 søkjarar i 2008 til 436 i år.

Stor nedgang i byggfag
Nedgangen for byggfag er relativt stor samanlikna med 2008, og særleg samanlikna med 2006 og 2007. Til Vg1 byggfag er søknaden 25 % lågare enn i 2007.

Talet på søkjarar aukar innan Teknikk- og industriell produksjon (tidlegare mekaniske fag) og er stabilt innan elektrofag.

Helse- og sosialfag
Søknaden til Vg1 i helse- og sosialfag viser ein liten auke med 31 til 654 for 2009, men det er framleis eit stykke att til søkjartala ein hadde tidlegare. Det er stor variasjon mellom regionane i fylket og også mellom skular i same region.

Det er positivt at søkjartalet til dette utdanningsprogrammet no har auka to år på rad, men det er urovekkjande at det også innan dette utdanningsprogrammet er stor skilnad i søkinga til programfag i Vg2. Søkinga til Vg2 Hudpleiar, Barne- og ungdomsarbeidarfaget og ikkje minst Ambulansefag er god, men innanfor Helsearbeidarfaget der det er svært stort behov for rekruttering, er søkninga til mange av skulane svært låg.

Andre utdanningsprogram
Innan Design og handverk er søkjartalet stabilt. Nokre skular har god søking til Vg2 Design og tekstil. Ved Arna yrkesskule kan det verta oppretta klasse innan Trearbeidsfag.

Søkjartala til Vg1 og Vg 2 naturbruk er stabile, medan søkjartalet til Vg3 naturbruk er nesten halvert (ned frå 71 til 41).

Meir informasjon
Meir informasjon om situasjonen for inntaket finn du i vedlagde orientering frå Opplæringsavdelinga.

Vurdering av prognoseinntaket pr. 16. mars 2009 (pdf-fil)

Meir informasjon om prognoseinntaket (pdf-fil)

Stanley Hauge 16.03.2009 15:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart