Fråsegna om Bergensprogrammet etter fellesframlegg frå KrF/H/AP/SP/V:
”Bergensprogrammet må sikrast tydeleg støtte ved Kommuneproposisjonen i mai!
Hordaland fylkesting meiner regjeringa sitt framlegg til NTP for 2010 – 2019 inneber ei omfattande satsing, på ei rekkje gode og viktige samferdselsprosjekt for Hordaland fylke. Viktige prosjekt som t.d. Sotrasambandet, Nyborgtunnelen og E 39 Svegatjørn – Rådal og E134 Stordalstunnelen er komne eit viktig steg vidare. Vi er også glad for at dobbeltspor Arna/Bergen er på plass i første del av planperioden.
Hordaland Fylkesting vil samstundes nytte høvet til å minna om at det også er store forventningar til regjeringa, når det gjeld byggetrinn 2 i Bergensprogrammet. Her må staten, gjennom auka rammer i Kommuneproposisjonen, leggja til rette for vidare utbygging av Bybanen frå Nesttun til Lagunen, og Ringveg vest frå Sandeid til Liavatnet.
Fylkestinget ser det som svært viktig å få fram ein bompengesøknad for revisjon av Bergensprogrammet, for å sikra kontinuerlig utbygging av Ringveg Vest og Bybanen i Bergen. Fylkestinget vil ta initiativ til nødvendige avklaringar mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Samferdselsdepartementet med sikte på ei rask og smidig gjennomføring av Bergensprogrammet.”
Fråsegna vart vedteke mot 20 røyster (Frp, SV og Raudt).
Fråsegna om ferjetilbodet fremja av Helge Andre Njåstad, Frp, lyder slik:
”- Sett fylkeskommunane i stand til å gje innbyggjarane gode ferjetilbod
Fylkestinget i Hordaland ynskjer å satse på ferjetilbod når dette ansvaret vert overført i 2010. Nøkkelen for å lykkast er at fylkeskommunane får overført midlar til å kunne levere den standard NTP føreset.
I Hordaland ved utgangen av 2008 hadde vi følgjande oppfylling av dagens NTP standard:
Opningstid: 21 av 22 samband oppfylte målet
Frekvens (tal rundturar): 17 av 22 samband
Attståande kjøretøy : 21 av 22 samband
Desse samband i Hordaland oppfylgjer ikkje dagnes NTP standard: Bruravik-Brimnes, Kvanndal-Utne, Gjermundshamn - Løfallstrand, Krokeide-Hufthamar og Fedje – Sævrøy.
Fylkestinget er uroa over denne formuleringa i NTP framlegget til regjeringa: Samferdselsdepartementet legger til grunn en videreføring av nivået i budsjettet for 2009 på 1 776 mill. kr til kjøp av ferjetjenester på riksvegnettet og det nye fylkesvegnettet.
Fylkesting forventar å få overført midlar i kommuneøkonomiproposisjonen til å kunne oppfylgje NTP standard på alle samband når fylkestinget overtar ansvaret 1.1.2010.
Fylkestinget ber fylkesordføraren sende denne fråsegna til Kommunal og regional- og Samferdsledepartementet samt til Stortingskomiteane kommunal og transport. Fylkesordføraren vert og oppmoda å ta opp denne saka med andre ferjefylke og gjerne og vestlandsrådet."
Fråsegna vart samrøystes vedteke.