Hordaland – vinnar i fordeling av krisemidlar til freda bygningar

Hordaland har fått tildelt 10 mill. kr frå Riksantikvaren til å setja i stand og halda vedlike freda bygningar i privat eige. På landsbasis har Riksantikvaren førebels fordelt 76 mill. kr øyremerkt slike kulturverntiltak frå regjeringa si tiltakspakke.

– Me er glade for at staten så tydeleg ser dei spesielle behova i Hordaland. Særleg gjorde brannane i Bergen det klart kor kritisk situasjonen er for mange freda kulturminne. Me trur dette kan vera byrjinga for eit stort løft på kulturminnefeltet i fylket, seier ein nøgd fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Prosjekttilskot
Søknadene frå dei 19 fylkeskommunane og tilstandsregistreringa av freda bygningar har vore førande for fordelinga. Tilskota er prosjekttilskot som kan brukast til kjøp av handverkstenester og nødvendige materialar. Det er en føresetnad at tiltaka vert sette i gang snarast for å få rask sysselsettingseffekt. Ordinære tilskot kjem i tillegg til tiltakspakka. Midlane inneber eit solid oppsving i istandsetjingsarbeid over heile landet.

Kultur- og ressursutvalet
Dei 10 mill. kr Hordaland får, skal gå til mange gode prosjekt som allereie er planlagde og omsøkte. Endeleg fordeling vert gjort i Kultur- og ressursutvalet 31. mars.

– For oss som kulturpolitikarar gjev desse midlane eit høve til å gjennomføra gode tiltak på eit felt der behova er store, seier Helge Andre Njåstad, leiar i Kultur- og ressursutvalet.

Kontaktpersonar:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – tlf. 915 22 733
Helge Andre Njåstad, leiar Kultur- og ressursutvalet – tlf. 957 97 021
Per Morten Ekerhovd, fylkeskonservator  – tlf. 957 60 481

Lenkje
Fredete hus gir arbeid

Stanley Hauge 10.03.2009 14:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart