Handelsgym får prøve toårig løp

– Dette var ei gladmelding til oss alle, seier Roald Stenseide, utvalsleiar for opplærings- og helseutvalet. Utdanningsdirektoratet har i brev av 5. mars til Hordaland fylkeskommune gitt løyve til å setje i gang forsøk med studiespesialisering som toårig

Det er ei gladmelding at vi får setja i gang med toårig løp i studiespesialiserande utdanningsprogram, seier Roald Stenseide - leiar i opplærings- og helseutvalet.Alt frå komande haust legg fylkeskommunen opp til å setja i gang ein klasse ved Bergen handelsgymnasium.

Tvilt seg til godkjenning
Søknaden frå fylkeskommunen har versert i fleire år, og no har direktoratet tvilt seg til godkjenning, til stor glede for skulen og fylket.

Det er ei gladmelding at vi får setja i gang med toårig løp i studiespesialiserande utdanningsprogram, seier Roald Stenseide - leiar i opplærings- og helseutvalet.

«Utdanningsdirektoratet har besluttet å innvilge søknaden .. i den hensikt å prøve ut ordningen og høste erfaringer av denne, jf. opplæringsloven § 1-4», heiter det i skrivet. Forsøket skal omfatte 30 elevar for ein periode på tre år.

Fleksibel opplæring
– For eit par år sidan fekk vi tommelen ned for eit slikt forsøk. No gjekk han opp, og gleda er stor i utvalet. Vi har purra på søknaden, og som utvalsleiar hadde eg ikkje blitt forundra viss svaret hadde vorte nei. Jobben vår er å ta vare på alle elevar, og slik er dette eit framifrå døme på fleksibel opplæring der vi også set fokus på dei som er flinke og som vil gå raskare fram, seier Stenseide.

Bergen handelsgymnasium
Fylkeskommunen er klar til å setje i gang frå hausten, og alt tysdag 24. mars kl 1800 vert det orienteringsmøte i gymnastikksalen på Bergen handelsgymnasium.

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om tilbodet, timetal osb. på Bergens handelsgymnasium sine nettsider.

25 prosent av veketimane skal nyttast til rettleiing og nettundervisning.

Tekst: Tormod Valaker 10.03.2009 14:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart