Fylkespolitikarane vil ha dei eldre i aktivitet

– Å få dei eldre til å vere aktive kvar dag, er mottoet, seier fylkespolitikar Jørgen Øydvin. Han deltok på det første motivasjonsseminaret til Hordaland fylkeskommune for å få eldre i aktivitet. Fylkespolitikarane har som mål å auke aktivitetsnivået hos

Fylkespolitikar Jørgen Øydvin bydde Olga Johannessen, leiar av fylkeseldrerådet, opp til dans, mens tilsette i institusjonar i Bergen dansar ringdans i bakgrunnen.
Fylkespolitikar Jørgen Øydvin bydde Olga Johannessen, leiar av fylkeseldrerådet, opp til dans, mens tilsette i institusjonar i Bergen dansar ringdans i bakgrunnen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Vitalitetssenteret på Møhlenpris
14. oktober i fjor vedtok fylkestinget fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2011. Som oppfølging av planen skipa Kultur- og idrettsavdelinga og Fylkeseldrerådet til eit motivasjonsseminar på Vitalitetssenteret på Møhlenpris. Der deltok 68 tilsette i institusjonane i Bergen kommune.

Sjukepleiarar og hjelpepleiarar
– Her kursar vi dei tilsette i korleis dei kan få dei eldre i institusjon til å kome i fysisk aktivitet. Dei fleste her er sjukepleiarar og hjelpepleiarar, og dei har ikkje bakgrunn for å få dei eldre i aktivitet. Her viser vi korleis dei kan få i gang enkle aktivitetar for dei eldre. Når dei kjem tilbake til institusjonen sin, skal dei setje i gang med desse aktivitetstiltaka, seier Jens-Harald Garden ved Kultur- og idrettsavdelinga i fylkeskommunen.

Stolgymnastikk skal få dei eldre i institusjon i Hordaland i aktivitet.
Stolgymnastikk skal få dei eldre i institusjon i Hordaland i aktivitet.

Største aldersgruppe i samfunnet
Jørgen Øydvin vart valt til å representere Kultur- og ressursutvalet på motivasjonsseminaret.
– Eg synest det er fint at fylkeskommunen har fokus på dei eldre. Dei er den største aldersgruppa i samfunnet. Meir enn 30 prosent av befolkninga er over 60 år.  Vi vil medvirke til at dei eldre kjem i fokus, seier Øydvin.

Slutt på aktivitetsleiarar
På motivasjonsseminaret vart det først halde føredrag for å vise korleis eldre i alders- og sjukeheim kan kome i aktivitet. Deretter fekk dei 68 deltakarane i praksis utføre tre ulike typar for aktivitet, mellom anna ringdans, stolgymnastikk og enkle yoga-bevegelser.
– I dag er det for liten aktivitet for dei eldre i institusjonane. Eg er lei meg for at mange av stillingane som aktivitetsleiarar er tekne vekk grunna innsparing.  Aktivitet, både fysisk og psykisk, er viktig. Vi veit at mange institusjonar prøver å følgje dette opp.  Dei eldre har mykje i seg som dei må få bruke. Vi fekk i si tid i gang skrivekursa for eldre. Eldreveven er framleis oppe og går. Med litt hjelp kan demente og få fram tankane sine, seier Øydvin.

Dagleg lågterskelaktivitet
Jens-Harald Garden er glad for at motivasjonsseminaret samla så mange.
– Dei som jobbar i institusjon er oppteken av den låge aktiviteten hos eldre. Her får dei innspel til å få dei eldre litt i bevegelse. Å få dei inaktive til å bli litt aktive, gjev størst helsegevinst. Vi vil ha dagleg lågterskelaktivitet.

Fleire seminar
Motivasjonsseminaret var så populært at det blir nytt seminar i mai.
– Vi hadde plass til 68 på dette og har 68 til som ville vere med. Det er stor interesse for dette hos dei tilsette i institusjonane. I tillegg til nytt motivasjonsseminar her i Bergen, skal vi ha seminar på Stord, Odda og Kvam. Vi skal og arrangere eige seminar i Indre Arna, seier Jens Harald Garden.

Enkle yoga-bevegelser skal og stå på programmet når dei eldre i Hordaland skal aktiviserast.
Enkle yoga-bevegelser skal og stå på programmet når dei eldre i Hordaland skal aktiviserast.

Bjarte Brask Eriksen 17.03.2009 17:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart