
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg overrekte Hordaland fylkeskommunes fat og blomster til Geir Skeie frå Fitjar som er uoffisiell verdsmeister i kokkekunst. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Overrekkinga skjedde måndag 9. mars på Norsk sjømatsenter på Bontelabo. Der deltok 40 kokkar i kompetanseprogrammet ”Smak av kysten”. Etter at fylkesordføraren hadde heidra Skeie, gjekk meisterkokken gjennom menyen som han tok gull med for dei interesserte kokkane.
Stolte og glade
– Vi er svært stolte og glade over at den nybakte verdsmeistaren har vald å ta del i kompetanseprogrammet «Smak av kysten» som instruktør og inspirator. Prosjektet ”Smak av kysten”er ei tung satsing for eit meir variert sjømattilbod på serveringsstadene. Kunnskapsutvikling innan sjømat er det bærande elementet i dette konseptet, og spisestadene har gjennomgått eit omfattande kompetanseprogram for å tilby sine gjester dei beste sjømatopplevingane, sa fylkesordføraren.
Stor suksess
Prosjektet har vorte ein stor suksess med 28 medlemsverksemder som dannar eit kulinarisk nettverk og som gjennom felles kompetansebygging har auka salet av sjømat. Prosjektet er støtta av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar, Innovasjon Noreg og Sparebank 1 SR-Bank.
Heng høgt
– Når vi no har han til stades her i dag, ynskjer Hordaland fylkeskommune å heidra Geir Skeie for sigeren i Bocuse d’Or med ei påskjøning. Dette er ei påskjøning som heng høgt i fylkeskommunen og går til personar som har gjort ein særleg innsats på ulike felt. Ofte har dette fatet med fylkesvåpenet for Hordaland gått til idrettsstjerner, idrettsutøvarar frå Hordaland, som har vunne meisterskap, EM, VM og olympiske medaljar. Det høver at denne påskjøninga går til ein gullvinnar innan kokkekunsten, ein idrettsprestasjon det og, sa fylkesordføraren.
Frå Fitjar
Geir Skeie (28) er frå Fitjar, og han starta si eventyrlege kokkekarriere på Fitjar vidaregåande skule. Sidan har det gått slag i slag. Han vart "Årets kokk" i Noreg i 2003, og har seinare delteke i mange konkurransar og motteke mange prisar.

Framfor 40 kokker viste Geir Skeie korleis han laga menyen som han vann den prestisjetunge kokkekunstkonkurransen med. Fersk torsk var ein av ingrediensane.