Forskotterer 45 mill. kr til grunnkjøp for Bybanen

Hordaland fylkeskommune skal forskottera inntil 45 mill. kr til grunnkjøp i 2009 for byggjesteg II for Bybanen på strekninga Nesttun – Rådalen, har fylkestinget vedteke. Fremskrittspartiet røysta imot forskottering.

Forskotteringa vert gjort for at ein skal kunna koma raskt i gang med andre etappe av Bybanen.

Samferdselsdepartementet har vedteke at fylkeskommunen skal ha driftsansvaret for banen og stå for byggjinga av byggjesteg II av Bybanen. Stortinget har godkjent ei ramme til planlegging og prosjektering av byggjesteg II på 160 mill. kr for åra 2009 og 2010. For 2009 er ramma 80 mill. kr til dette arbeidet.

Arbeidet med Bybanen er finansiert innanfor Bergensprogrammet med statlege midlar og bompengar.
Det er utarbeidd ein avtale mellom fylkeskommunen og Statens vegvesen Region vest om korleis statlege midlar og bompengar for planleggings- og prosjekteringsutgiftene skal overførast til fylkeskommunen. Fylkestinget har godkjent avtalen.

Stanley Hauge 19.03.2009 19:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart