Flagget til topps for tryggare veg

Fusingane møtte mannssterke opp med storfint besøk frå nabokommunane då samferdselsminister Liv Signe Navarsete opna den nye parsellen like vest for Eikelandsosen 17. mars.


HEVA DIKSELEN: Samferdsleminister Liv Signe Navarsete høgg..  

..og høgg i det nasjonalfarga bandet med ein diksel medan ordførar Hans Vindenes og distriktssjef Arnfinn Ansok (med mikrofonen) hjelper til...

 ..og endeleg kunne ho erklæra parsellen for opna.

 


 


Korpsmusikk og flagga til topps skapte reine 17.-maistemning for 2650 meter ny og tryggare riksveg Helland-Havskor på RV 48. Distriktssjef Arnfinn Ansok i Statens Vegvesen påpeika at ein smal, kronglete og rasutsett del av RV 48 no er historie.  

– Med dette vellukka vegprosjektet til 160 millionar kroner er ein av dei siste flaskehalsane mellom Eikelandsosen og Tysse borte, understreka Ansok. Han rosa entreprenørane, kommunen, næringslivet og lokalsamfunnet for at dei på svært kort tid fekk dette til.

Obama og Moshovda-tunnelen
Etter å ha erklært 17. mars til ny merkedag i Fusa, understreka ordførar Hans Vindenes at no manglar berre ny tunnel bak Tysse.
 


Utbetringa av vegparsellen med ny tunell sikrar ei tryggare framtid for dei mjuke trafikantane som stilte opp med flagg på festdagen.

- President Obama gav nytt håp og tru til mange. Moshovdatunnelen vil gjere det same. No ventar me i spenning på pengar til Tyssetunnelen, og den vil koma i 2013, sa Vindenes til stor jubel frå dei frammøtte.

Med hjarta i halsen
- Endeleg er nok ein elendig riksvegbit borte for alltid. No slepp lokalbefolkninga og andre reisande å sitja med hjarta i halsen og frykta neste sving. Det vert og ein ny og tryggare kvardag for gåande og syklande. Bruk den nye vegen med vit og forstand slik at den blir til glede, ikkje sorg, understreka samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Ho la til at ho har fått med seg kravet om ny tunell bak Tysse. Sp-leiaren fekk også med seg ei tønne med tappekran i gåve frå ordføraren slik at ho ikkje skulle gløyma dette.


Fylkesmann Svein Alsaker, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførarane i Kvam, Tysnes, Samnanger og Kvinnherad gratulerte alle ordførar Vindenes og Fusa-samfunnet med ein vel utført jobb. Dei støtta alle opp om kravet om ny tunell bak Tysse då dei tok ordet under festmiddagen i Fusa vidaregåande skule.

Fusa-ordføraren (med kjede), samferdselsministeren, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, ordførarane Synnøve Solbakken i Kvinnherad og Marit A. Aase i Samnanger var blant dei mange prominente gjestene som fekk med seg talen til distriktsvegsjefen. 

Festmiddagen vart preparert og servert av elevane i første klasse i restaurant- og matfag ved Fusa vidaregåande skule.


bt.no: Hurra for 17. mars!
Bladet Tysnes: Vegopning med 17.mai-stemning i Fusa
Fusa kommune: Moshovdatunnelen er opna
NRK Vestlandsrevyen: Ny vei i Fusa
Statens Vegvesen: Glad vegopning i Fusa

18.03.2009 15:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart