Fana-bedrift vart årets villsau

Eksportprisen i Hordaland, Villsauprisen 2009, vart 24. mars tildelt Fanabedrifta Aanderaa Data Instruments AS. Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Bergen Næringsråd står bak prisen.

Administrerende direktør Asbjørn Birkeland tok imot.
– Dette kom svært overraskande, sa Birkeland til Bergens Tidende etter utdelinga. – Vi har halde til i bransjen i meir enn 40 år utan alt for mykje merksemd. Dette kom som ei vedkjenning til bedriften og våre tilsette som med glød og entusiasme har utvikla nye og grensesprengande produkt, seier Birkeland.

Promotere næringslivet
Prisen har vore delt ut kvart år sidan 2003 og går til ein person eller ei bedrift i Hordaland som gjennom aktivt, profesjonelt og målretta arbeid har etablert seg som eksportør og/eller har bidratt til å promotere næringslivet i Hordaland internasjonalt.

God vekst
Leiaren av juryen, Marit Warncke, grunngjev utdelingen med at bedrifta har hatt god vekst i ordreinngangen det siste året. Selskapet hadde i 2008 ein omsetnad på 159 millioner kroner og utviklar datateknologi til fleire ulike marknader, mellom anna innanfor olje- og gass, miljøforskning, vei og trafikk og bygg og anlegg.

Marknadene
Hovudmarknadane er Europa, Nord- og Sør-Amerika og Asia.
Bedriften har hovudkontor på Nesttun med datterbedrifter i Valencia, Spania og Boston i USA.

Les sak i Bergens Tidende

Les sak i Bergensavisen

25.03.2009 13:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart