
Town Hall, administrasjonsbygningen for Cardiff County der byggesaksavdelinga held til.
Universitetet i Cardiff er rekna for å vera det fremste i Storbritannia innan forsking om planlegging. Utdanninga ved planstudiet er svært høgt verdsett. Kompetansen spreier seg i stor grad til både kommuneadministrasjonen og departementa som held til i Cardiff.
Berekraftig utvikling
Fellesnemnar for både kommunen og regjeringa i Wales sitt planarbeid kan oppsummerast i to ord: berekraftig utvikling. I alle fall er overskrifta ”sustainable development” noko som gjennomsyrer dei politiske målsetjingane og det daglege arbeidet på ulike nivå i landet Wales og hovudstaden Cardiff. Ikkje minst skuldast dette den aukande merksemda om klimaendringane som kan råka ein hamneby i særleg grad.
Ung nasjon med høgt ambisjonsnivå
Den unge nasjonen har eit høgt ambisjonsnivå og vil visa handlekraft i forhold til EU og England. Areal- og klimastrategiar for Wales set krav. Øvst på agenden akkurat no står energi og bustadforsyning. Utfordringar som styresmaktene har tatt tak i er mellom anna vindkraftverk. ”Vindfarmane” møter massiv lokal motstand grunna inngrepa i eit landskap som walisarane har sterke kjensler til. Biobrensel er eit anna satsingsområde, og landet vert støvsugd for brensel til ei storstilt satsing i oppvarming av statlege bygg. Staten går føre på andre område og. Den nye bygningen til nasjonalforsamlinga skal vera ein modell for miljøvenlege bygg gjennom bruk av jordvarme, biobrensel, vindturbin og ei avansert dagslysoppfanging.

Interiør frå Senedd (nasjonalforsamlinga), transparent og bygd i stein og tre frå Wales.
Samanhengande kyststi
Eit anna prestisjeprosjekt er samanhengande kyststi rundt heile Wales som skal stå ferdig til OL i London i 2012. Wales tek i bruk både sin nyleg vedtekne allemannsrett og eit storstilt apparat med avtalar med lokale grunneigarar for å koma rundt. Utfordringa vert å få folk vekk frå rugby- og fotballkampar og ut i det flotte kystlandskapet.
Landsbygdomstilling
Omstillinga på landsbygda er i storskala. Wales får om lag 7 milliardar EU kroner til det som tilsvarar vårt regionale utviklingsprogram og legg sjølv til rundt 6 milliardar, avgrensa til programperioden 2007-2013. Pengane går mest til landskapstiltak, men også til mat/foredling, lokalsamfunnsprosjekt og bygdemobilisering. I tillegg kjem overføringar direkte til det einskilde gardsbruk.
Med eit areal om lag 20 prosent større enn Hordaland skjønar ein at midlane må påverka landskapsbiletet. Ikkje minst fordi også arealforvaltninga er streng. Skogområde er i utgangspunktet uaktuelle for utbygging og innafor jordbruksområde er det berre spesielle tiltak som tener gardsdrifta som kan vurderast. Landsbyane vert difor attraktive og haldne i god hevd.
Store planoppgåver
Byen og hovudstaden Cardiff har vore gjennom ein omfattande utviklingsprosess som har resultert i omdanning av store hamneområde til nye utviklingsområde for næringsliv, kultur og idrett og bustadområde inspirert av Aker Brygge. Kommunen har ein medviten strategi for å utvikle spesialiserte næringsareal der ein samlar verksemder som kan ha nytte av samlokalisering.

Cardiff Bay, gamalt hamnekontor, nytt milleniumsenter med opera og nasjonalforsamlingen Senedd til høgre.
Buss
Kommunen satsar på eit heileigd buss-selskap for kollektivtransport. For å få til eit framtidsretta transportsystem har det vore forslag om å innføra bompengar, men bompengar er avvist i det meste av Storbritannia og utbygginga står i stampe.
Kjøpesenter
Elles satsar Cardiff stort på å auka sin frå før høge attraktivitet som handelssentrum med eit nytt kjøpesenter mitt i byen på 100 000 kvm, ei dobling av eksisterande butikkareal i 2009. Økonomikrisa skapar naturleg nok uro blant både nye og eksisterande butikkeigarar. Korleis skal ein klara å fylla den nye bygningen når no dei tradisjonsrike arkadane i byen vert tømde.
Plansystem
Kommunikasjonen mellom nasjonalt nivå og kommunane er omfattande innafor plansystemet. Lokale mynde forventar tydelege føringar om arealpolitikk frå sentrale mynde, mellom anna om bustadforsyning. Når lokale mynde har ferdighandsama sine planar, vert dei kontrollert av eit frittståande statleg Planinspektorat. Sett i lys av dette kan handlingsrommet for lokalpolitikarane i Noreg sjå vesentleg større ut.
Dette var nokre smakebitar frå kva som rører seg i Cardiff og Wales for tida som kan vera interessant for Hordaland sitt planarbeid. Inntrykka bidrar både til idear som kan setjast ut i livet og bevisstgjering om eige plansystem sine føresetnader.

County hall, hovudsete for administrasjonen i Cardiff county.
Marit Rødseth, Strategi- og næringsavdelinga, kommunesamarbeid (tekst og foto)