Samtykke til nytt Ikea-varehus i Åsane

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland samtykkjer til at Ikea får byggje nytt varehus i Åsane. Det nye varehuset blir på 100.000 kvadratmeter i tre etasjar med 1220 parkeringsplassar.

Ikkje vesentlege merknader
Utvalet uttalar at dei ikkje har vesentlege merknader til det nye varehuset og føreset at huset blir oppført i samsvar med gjeldande reguleringsplan og aktuelle vilkår. Dette vart tilrådd med 10 mot 2 røyster. Mindretalet, Sp og R,  røysta for eit forslag til Kjersti Toppe (Sp) om at utvalet har vesentlege merknader til det nye varehuset.

130 mål
Det nye Ikea-varehuset er planlagt på eit område på rundt 130 mål på Nyborg, nord for europaveg 16/39. Området er i dag uregulert og omfattar del av tre landbrukseigedommar som er fasa ut av aktiv husdyrbruk. Atkomsten til området er via rundkøyringa på Nyborg og Dalavegen. I området rundt planområdet finst mellom anna Åsane gamle kyrkje med gravplass, gardstun, steingardar og gamle ferdselsvegar.
Samla storleik på varehuset blir 100.000 kvadratmeter, inkludert parkering under varehuset.

1220 parkeringsplassar
Planforslaget viser ein bygning i 3 etasjar og parkering i 1. etasje. Det skal etablerast totalt 1220 parkeringsplassar, derav maksimalt 460 plassar som utandørsparkering. Nord for forretningstomta er det avsett om lag 25 mål til gravplass. Planforslaget viser i tillegg friluftsområde, landbruksområde og turveg.

Saka går vidare til fylkesutvalet 28. mai.

Bjarte Brask Eriksen 11.05.2009 15:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart